nyhende

Måndag starta 12 elevar ved Noregs første offentlege drone-skule. Foto: Geir Olsen / NTB/ NPK
Måndag starta 12 elevar ved Noregs første offentlege drone-skule.

Noregs første droneskule har opna

Publisert Sist oppdatert
NPK: Måndag starta 12 elevar ved Noregs første offentlege drone-skule.

Skulen ligg på Andøya i Nordland. Faget er på vg2-nivå og tilgjengeleg for alle i heile landet. Det er eit samarbeid mellom Nordland fylkeskommune og Andøya Space, skriv NRK.

– Det virket nytt og spennande, seier Frederik Hofset som er éin av dei 12 elevane.

Faglærar James Fountain seier til NRK at elevane både skal lære teori og praktisk flyging.

Elevane blir utdanna til å bli dronepilotar og skal kunne operere dronar i store institusjonar. Elevane skal etter kvart ut i praksis i ulike bedrifter.

Powered by Labrador CMS