NPK-NTB: Noregs Bank trassar uvisse rundt omikron og smittevern og set opp styringsrenta med 0,25 prosentpoeng.
Det kunngjorde sentralbanken torsdag formiddag. Styringsrenta blir sett opp med 0,25 prosentpoeng til 0,5 prosent.
Styringsrenta har lege på 0,25 prosent sidan rentemøtet i november, og Noregs Bank hadde signalisert at den mest sannsynleg skulle vidare opp eit hakk nå i desember.
I forkant av rentemøtet var det likevel brei semje blant makroøkonomar om at banken ville velje å vere varsam i denne omgangen under dei rådande omstenda. Det er høgst uvisst kor hardt omikronvarianten og forsterka smitteverntiltak vil ramme den norske økonomien
(@NPK)