nyhende
Noreg vil opprette luftbru for flyktningar – hentar over 5.000
Noreg vil hente 2.500 ukrainarar som har flykta til Moldova, og dessutan ei gruppe pasientar og pårørande – til saman 5.250 personar.
Noreg tek i første omgang sikte på å hente ut 2.500 personar frå Moldova. I tillegg vil Noreg tilby 550 plassar til medisinsk evakuering av pasientar og dei nære familiemedlemmene deira, totalt om lag 2.750 personar.
Støre seier det er viktig at Noreg til liks med andre europeiske land bidreg i dei felles europeiske ordningane for å hjelpe dei som er på flukt frå krigen.
Regjeringa vil til saman hente ut inntil 5.250 flyktningar gjennom ulike europeiske samarbeidsordningar.
Åtvarar mot privat henting av flyktningar
Samtidig understrekar justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) at regjeringa åtvarar mot at private hentar ukrainske flyktningar.
– Regjeringa understrekar at mottak av flyktningar til Noreg må skje i ordna og kontrollerte former. Regjeringa må ha kontroll på tryggleiken, både til flyktningane og til Noreg som land, sa Mehl.
Ho seier det er viktig at vi veit kven som kjem til landet, og at vi må stoppe dei som ikkje har gode intensjonar.
– Vi må førebyggje at den kaotiske flyktningstraumen kan brukast til å utnytte sårbare menneske eller leggje til rette for menneskehandel.
– Derfor avrår vi privat henting av flyktningar, sa justisministeren.
– Personar som driv denne typen verksemd, tek på seg eit stort ansvar for å vurdere kven dei tek med seg tilbake til Noreg. Og dei risikerer også å ta med folk som ikkje vil oss vel.
– Det er flott at mange vil stille opp, men eg ber no alle som vil hjelpe, om å gjere det på andre måtar enn å organisere transport til Noreg, seier Mehl.
Hjelper pasientar frå Ukraina
Til liks med andre europeiske land vil Noreg bidra for å hjelpe pasientar frå Ukraina som treng sjukehusbehandling, og avlaste helsevesenet i nabolanda til Ukraina.
Dei første pasientane som no er overførte til andre europeiske land, mellom anna Italia, har vore kreftsjuke barn med sine pårørande.
– Dei europeiske helseministrane er samde om å ta imot pasientar frå Ukraina. Noreg har eit ansvar og skal bidra, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).
På sikt skal Noreg ta imot 550 pasientar, men i første omgang blir det teke imot 100. Talet er basert på det helsevesenet har meldt inn av kva dei har kapasitet til.
Kjerkol har kalla inn dei regionale helseføretaka til møte der føretaka vil få i oppdrag å behandle pasientar som blir evakuerte frå Ukraina og sikre nødvendig koordinering.
Noreg har også gitt EU tilbod om å frakte pasientane med fly – både til Noreg og til andre sjukehus i Europa.