Kan hende dette blir Støre sitt nye slagord i valkampen, i alle fall om han lar seg frista til å henta inspirasjon frå lokallaget i Sveio. Sveio Ap har i lag med sitt støtteparti ønske om å utgreia (og formodentlig å gjennomføra) å fjerne eigedomsskatten og senka formuesskatten lokalt.
Det er fronta i media både lokalt og nasjonalt i det siste at posisjonspartia i Sveio vil gå for å kutta formuesskatten og eigedomsskatten i kommunen for å lokka til seg rike skatteflykningar. Sveio skal bli Noreg sitt Monaco!
Dei fyrste tilpasningane er allereie iverksatt i deira felles budsjettforslag som vart vedtatt av Ap med støtteparti sine 13 stemmer mot opposisjonen sine 12 stemmer. Her vart rådmannen sitt forslag om auke i eigedomsskatt avslått, og rådmann bedt om å utgreie utfasing av eigedomskatten i si heilhet og reduksjon av formuesskatten.
Dette vedtaket får direkte konsekvensar ved at rådmann må kutta i stillingar i sentral administrasjonen og ei nedlagd flyktningeteneste med dertil tap av viktige lokale arbeidsplassar og kompetanse opparbeida over mange år. Vassleidning til Fjon og Flatnes vart og utsatt med eitt år kvar – vatn kan ein sjølvsagt klara seg utan…
Det store spørsmålet blir då, kor kjem neste kutt? For kutt må det bli når ein allereie pressa økonomi skal seia frå seg sårt trengte inntekter.
Blir det borna våre eller dei eldre som må ofrast for at Sveio skal verta lukrativt nok for rike skatteflyktningar? I alle fall godt badeanlegget og fleirbrukshallen ligg fast, det passar jo godt om ein skal lokka urbane skatteflyktningar til gards.
Sveio Ap – me minnar dykk om fjellvettregel nr 8; Vend i tide, det er ingen skam og snu!
Ole Velde, Monica Valen, Andreas Sirevåg, Dagfinn Bjørge, Arne Valen og Vidar Høyland
Kommunestyrerepresentantar for Sveio Senterparti