nyhende
Nordtun jublar over nettsperre
Osloskulen stenger internett for dei yngste elevane. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) vil gå endå lengre, og er ber andre kommunar følge etter.
Frå hausten vil elevar på 1. til 4. trinn i Oslo berre ha tilgang til undervisningsrelaterte læremiddel på nettbretta og PC-ane til skulen. Alt anna innhald blir sperra. Tiltaket kjem vel eit halvår etter at Nordtun bad kommunane om å innføre alderstilpassa løysingar.
– Kommunar som ikkje har gjort dette, bør sjå til Oslo og helst følge oppfordringane våre i endå større grad enn dei, seier Nordtun til Klassekampen.
I Oslo gjeld sperringa berre dei yngste elevane. Frå 5. trinn og oppover skal elevane framleis ha open internettilgang, med dagens filter.
– Er det nok å stenge nettet for 1. til 4. klasse?
– Nei. Vi må også passe på dei eldre elevane, kanskje spesielt på ungdomsskulen. På ungdomssteget er det fleire som mistar motivasjonen, og då er det lett å rømme litt frå undervisninga ved å klikke seg inn på ulike ting, seier Nordtun.
Ifølge utdanningsetaten skal innstramminga redusere forstyrringar i undervisninga og hindre at dei yngste elevane blir utsette for skadeleg innhald.
(©NPK)