nyhende

På mange kafear og restaurantar blir det eit spørsmål om tips på betalingsterminalen før du betalar. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
På mange kafear og restaurantar blir det eit spørsmål om tips på betalingsterminalen før du betalar.

Nordmenn tipsar som aldri før – men mange kjenner seg pressa

Ifølgje Skatteetaten betalte norske bar- og restaurantgjester nesten ein milliard kroner i tips i fjor, nær ei dobling på fem år. Men mange seier dei kjenner seg pressa til å gi driks for ikkje å bli oppfatta som gnitne.

Publisert Sist oppdatert

Kjenner du situasjonen? Du går bort til bardisken og bestiller noko å drikke. På betalingsterminalen får du valet om å betale ulike variantar av tips. Det kan vere fem prosent, ti prosent eller 15 prosent, og det før du har fått det du har bestilt. Ein må ofte bla seg langt ned før ein får opp alternativet om ikkje betale noko ekstra.

I Noreg er det slik at serveringspersonalet og dei som jobbar på kjøkkenet på ein restaurant, har fast lønn og skal ikkje vere avhengige av tips, slik kollegaene deira i til dømes USA. Her i landet har det vore vanleg at ein gir ein passeleg sum – på frivillig basis – dersom ein er veldig nøgd med servicen eller synest maten var ekstra god.

– Kjenner eit ubehag

No er det nesten ingen som betalar med kontantar lenger, og derfor har stadig fleire serveringsstader lagt inn alternative satsar for tips på bankterminalen. Ein del stader har faste prosentsatsar, medan du andre stader står fritt til å taste inn tipssummen. Det er framleis frivillig, men mange kjenner eit ubehag med måten det blir gjort på.

Når Skatteetaten opplyser at nordmenn betalte 981 millionar kroner i tips i fjor, og at det er nær ei dobling på fem år, så er det ikkje sikkert at det er så dramatisk. Tidlegare var det meir vanleg å betale kontant, og då gjekk tipspengane direkte til dei tilsette, utan at dei måtte skatte av dei.

Nordmenn reiser meir enn nokonsinne. Korleis er reglane for tips i ulike land? Og ikkje minst: Korleis er det i Noreg? Forvirringa rundt tipsskåla er total.

Ein fersk studie frå Temple University i Philadelphia i USA fortel at kundar ofte reagerer med ubehag, forvirring og at dei blir mindre nøgde når dei blir bedne om å tipse før dei faktisk har fått service. Dette blir kalla «Pre Service Tipping». Her kjem det fram at kjensla av å vere observert, ved at ein får spørsmål om tips framfor tilsette, aukar opplevinga av press, og at det også reduserer den emosjonelle verdien av tips som påskjønning for god service.

Ein annan studie frå i år konkluderer med at kundar ofte vel den høgste foreslåtte tipssatsen for ikkje å verke gnitne.

Vertskapsrolle og tigging

Reiselivsjournalist Odd Roar Lange har lenge irritert seg over utviklinga. Han fortel at mange er opptekne av dette, og at når han tek opp temaet på nettsidene sine, så er det stort engasjement. Og det som irriterer mest er å bli beden om gi driks før vara er levert.

– Vi snakkar her om bedrifter som har ei vertskapsrolle, og så driv dei rett og slett med tigging. Dette synest eg lite om, seier Lange til Nynorsk pressekontor. Han driv nettstaden thetravelinspector.no og leverer reiselivsstoff til fleire norske aviser.

Han meiner heile ordninga med å gi driks bør vrakast.

Reiselivsjournalist Odd Roar Lange er sterkt irritert på tipspraksisen som har vakse fram her i landet.

– Bedriftseigarane bør setje seg ned og prate med dei tilsette og bli samde om ei lønn som tilsvarar det dei får inkludert tips, og så blir det den faste lønna deira. Då må dei sjølvsagt setje opp prisane tilsvarande, men slepp dette med at kundar kjenner seg pressa til å betale ekstra, fordi dei er redde for å verke gjerrige, seier han.

Lange fortel at han har brukt minst eitt år av livet sitt på å kvitte seg med frykta for å verke gniten eller utakksam når han ikkje gir tips.

– Dette at vi nærmast blir pressa til å gi tips, er med på å hole ut heile tipssystemet. Tips skal vere påskjønning for ekstraordinær god service, men det fungerer ikkje slik i dag, legg reiselivsjournalisten til.

Langer fortel han kjenner mange som jobbar i denne næringa, og at tips er ein viktig del av lønna. Det kan handle om ein tusenlapp i månaden for mange, seier han.

– Kjenner på press

Professor Christer Thrane ved Universitetet i Innlandet er reiselivsforskar. Han har også inntrykk av at mange kjenner seg pressa til å gi tips.

– Tidlegare var det å gi tips noko du gjorde i etterkant av eit godt måltid, og det var frivillig. No er det slik at når du går i baren og bestiller ein øl eller eit glas vin, så får du opp alternativa på betalingsterminalen om kor mykje du vil betale i tips. Og det før du har fått sjølve vara. Det blir nærmast kravd at du skal betale for ei oppleving du enno ikkje har fått, seier Thrane til Nynorsk pressekontor.

Mange kundar kjenner seg pressa til å betale tips i restaurantar og barar.

Han er overtydd om at systemet slik det er i dag, fører til at mange kjenner seg pressa til å betale tips. Spesielt om dei andre i selskapet også gjer det. Han fryktar at dette kan føre til at vi får dei same tilstandane her, som i USA.

– I USA er den faste lønna låg og dei som jobbar i slike yrke er avhengige av tips for å få ei anstendig lønn. Derfor er tips obligatorisk. Det skal ikkje vere slik her i landet. Her har dei som jobbar i slike bransjar tarifflønn og skal kunne leve av det. I praksis har det blitt sånn at det har blitt vanskeleg å la vere å gi tips, seier professoren.

– Tips er frivillig

Arbeidsgivarorganisasjonen NHO reiseliv synest ikkje det er nokon grunn til å meine noko om korleis tipsordninga fungerer hos medlemsbedriftene deira. Her er Magne Kristiansen, direktør for arbeidslivspolitikk, sin reaksjon:

– Tipsing i Noreg er frivillig, det er opp til gjesten å vurdere om han skal gi i tips. Korleis tips blir handtert er noko den enkelte verksemda sjølv avgjer, og dette varierer.

Powered by Labrador CMS