nyhende
Nordmenn ladar mykje
Vi omgir oss med stadig fleire bruksgjenstandar i kvardagen som treng jamleg lading. I ei undersøking gjennomført av Kantar i samband med Brannvernsveka 2023, kjem det fram at norske hushald i snitt har 12 ladarar heime.
Ladarane blir brukt på alt frå mobiltelefonar og nettbrett, til elsparkesyklar og verktøy.
Det store omfanget viser tydeleg kor viktig det er å ha eit medvite forhold til kvar og korleis du ladar, opplyser Brannvernsforeininga.
– Mange nordmenn har mange batteridrivne einingar i dagleg bruk i heimen og på hytta. Vi blir derfor ikkje overraska om det reelle talet på ladarar er høgare enn det undersøkinga viser, seier administrerande direktør i Brannvernsforeininga, Rolf Søtorp, i ei pressemelding
– Med så mange ladarar og einingar som bruker batteri, er det heilt avgjerande at ein har eit medvite forhold til kva som kan skape potensielt farlege situasjonar i heimen. Skadar i utstyret eller feil bruk kan resultere i branntilløp eller brann. Ladevitreglane, som vart lanserte i 2021, gir god rettleiing til korleis du kan lade tinga dine på ein trygg og forsvarleg måte, seier han.