nyhende

Sveio barnehage.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Sveio barnehage.

Nokre steg næmare ny barnehage

Kommunalsjef Elisabeth Nygaard håpar at prosjekteringa for ein ny barnehage i Sveio sentrum kan byrja i løpet av 2022. Den skal erstatte den noverande i Sveiåsen, som har blitt både gammal og trong.

Publisert Sist oppdatert

— Det blir nok våren 2023 me legg det ut på anbod, seier kommunalsjef for skule, barnehage og kultur, Elisabeth Nygaard.

Anbodet ho snakkar om er ein ny barnehage som kommunen ynskjer å byggje i Sveio sentrum. Den ligg på eit jorde på andre sida av vegen frå kyrkja i Sveiogata.

I det raude feltet skal den nye barnehagen byggjast.

Måndag kveld vart kommunestyre orientert om framgangen i prosjektet, som er under planlegging hos administrasjonen.

Treng ny barnehage

— Det er politisk vilje til å byggje ny barnehage, seier Nygård.

Det eksisterande barnehagetilbodet i Sveio sentrum er den kommunale som ligg i Sveiåsen.

Nygaard fortel at den ikkje er tilfredsstillande for behova til Sveio kommune.

— Det er trongt og ikkje funksjonelt per i dag for barn som treng ekstra tilrettelegging, seier Nygaard.

Ei utbygging vil gjere det naudsynt med nytt leidningsanlegg langs Sveiogata og bort til tomta, noko som allereie har blitt prosjektert på oppdrag frå kommunen.

Ifølgje Nygaard har eit problem med den gamle ikkje berre vore sjølve barnehagebygget, men det rundt også.

— Vi treng ein ny barnehage med betre tilkomst og parkering, seier ho.

Nytt og berekraftig, men ikkje fleire plassar

Saksdokument frå kommunen viser at dei trur at om lag 45 parkeringsplassar vil vere nødvendig.

Barnehagen er planlagd å husa om lag 80 barn fordelt på fem avdelingar.

To avdelingar kor ein har 12 små barn, og to avdelingar kor ein har 24 eldre barn, og ei avdeling med seks barn. Men, Nygaard fortel at den nye barnehagen ikkje utgjer ein auke i barnehagetilbodet.

— Me utvidar ikkje antal plassar, men barnehagen byggjast slik at det er mogeleg om nødvendig i framtida, seier ho.

Nygaard legg vekt på at utbygginga skal vere berekraftig, som forutan mogelegheit for auke i antal plassar også inneber både eit økonomisk og eit miljøperspektiv.

Elisabeth Nygaard er kommunalsjef for skule, barnehage og kultur i Sveio kommune.

For å redusera kostnadar planlegg kommunen å bruke massar frå andre utbyggingsprosjekt til å heva terrenget der barnehagen skal kome.

Truleg vil det komande aktivitetsanlegget på Vigdartun ha mykje masse til overs som dei kan bruke.

— Kva skal skje med den gamle barnehagen?

— Det vert ein utbygging der oppe og bygget vil brukast til eit av helsetilboda som er i nærleiken, seier Nygaard.

Byggestart våren 2024

Sveio kommune håpar at bygging vil byrje våren 2024. Kostnadane er førebels utrekna til å verte om lag 49 millionar kroner, utanom kjøpet av sjølve tomta. Den vart kjøpt av kommunen i 2018 for 6,745 millionar kroner.

Og dei som ynskjer å sjå korleis barnehagen er tenkt sjåandes ut, må dessverre venta litt lengre.

Skissene er ikkje klar enno, og kan sjåast først når anboda frå mogelege selskap står klare.

Powered by Labrador CMS