nyhende
Nokon ynskjer endring, andre ikkje
Røystinga er godt i gang og meiningane delte. Me har snakka med både dei som vil behalda leiinga, og dei som vil byta den ut.
Jan Olav Næss tok turen litt over klokka 11 for å gje si stemme i kommunevalet. Viksebuen fortel at for hans val av parti ikkje vanskeleg.
– Eg stemde på Framstegspartiet, seier Næss.
Håpar på betring av vegane
– Har du stemt på dei før?
– Ja.
– Så du håpar på at Ruth Grethe Østebøvik Eriksen vert ny ordførar?
– Ja.
– Kva er viktigaste sak i dette valet for deg?
– Vegar. Dei er rett og slett heilt utruleg dårlege her og ingenting skjer med dei. Eg bur på Mølstrevåg og opplever dagleg i kor dårleg stand dei er. Politikarane lovar og lovar, men eg håpar verkeleg dei gjer noko denne gongen. Eg veit det er fylkeskommunen er ansvarleg for fylkesvegane, men eg håpar at kommunen kan gjera noko likevel, seier Næss.
Han køyrar lastebil og har lenge ynskt utbetring. For 16 år sidan tok han faktisk med politikarar på køyretur for å visa dei.
– Men nesten ingenting har endra seg, seier han.
Håpar på fire nye år
Andreas og Linda Bårtvedt tok turen innom for å stemma.
– Eg står på lista for Høgre, så du kan gjetta kva eg stemde, humrar han.
Dei skal vidare opp til lokalet der ein kan stemma ved kyrkjevalet. Brit Elin Mølstre håpar at valdeltakinga var høg, og særleg for valkrinsen hennar.
– Eg er spent på resultatet. Eg håpar me får høgare deltaking i år, eg trur det har vore den lågaste i kommunen tidlegare, seier ho.
Ho stemde for sitjande styre i kommunen.
– Arbeidarpartiet, og for ordførar Linn Therese Erve (Ap), seier Mølstre.
– Så du ynskjer fire nye år?
– Ja, det er hovudgrunnen til at eg stemmer på Ap no. Det har vore fire gode år med ho, og eg synest ho er dyktig, svarar ho.
Utvikling av sentrum
Mølstre har tidlegare vore medlem av Senterpartiet, men har no meldt seg ut.
– Kva er viktigaste sak i dette valet for deg?
– Å sikra ordføraren fire nye år og utviklinga av sentrum. Får me vidareført god leiing så får me fortsatt styrkinga av sentrum, noko som gjer at bygdene kan haldast i live. Utan eit sterkt sentrum må dei inn til Haugesund eller Stord for viktige tenester, seier Mølstre.