nyhende

– Lagera til Tine og Nortura varer ikkje i mange dagar. Difor er det viktig at alle tenkjer på eigenberedskap. Den nasjonale matforsyninga er avhengig av at alle ledd er førebudde, seier bondelagsleiar i Vestland, Jan Erik Fløtre.

Nøkkelen til trygg gardsdrift: – Beredskap er i bonden si eiga interesse

Medan Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) ber nordmenn lagre 20 liter vatn per person og mat til ei veke, krev eit moderne fjøs tusenvis av liter vatn og tonnevis med fôr kvart døgn.

Publisert

– Ein gard kan trenge 6.000 liter vatn i døgnet, noko som utgjer 42.000 liter i veka. Det seier seg sjølv at ein ikkje kan bere slike mengder, fortel Jan Erik Fløtre, leiar i Vestland Bondelag.

Han legg til at det dessutan ikkje finst behaldarar til å lagre så mykje vatn eller silokapasitet til å oppbevare fôr for eit halvt år.

Kan bli ein krevjande situasjon

Fløtre åtvarar om at situasjonen raskt kan bli krevjande om infrastrukturen sviktar. Samstundes påpeiker han at konsekvensane varierer med produksjonstype og driftsintensitet:

– Fjørfe- og kyllingproduksjon har eit fast vektmål. Ein kan ikkje utsetje slakting i to veker, fordi kyllingane då blir for tunge. Sjølv har eg både kraftfôr- og grovfôrbasert produksjon, som gjer at eg i teorien kan halde drifta i gang lenger. Reknestykket går likevel ikkje opp om ei mjølkeku, som produserer 30 liter mjølk i døgnet, brått mistar energitilførsla si på grunn av fôrmangel, seier han.

Ventilasjon, vassforsyning, automatisert fôring og kommunikasjonssystem sviktar ofte først. Ved systemsvikt tek det ikkje lang tid før det får alvorlege følgjer.

Kva slags produksjonsdyr ein har, har mykje å seie for korleis ein teknisk svikt påverkar dyrevelferda. Norsk Landbruksrådgiving (NLR) graderer alvorsgrada etter dyreslag:

– Fjørfe er desidert mest utsett, då dei er heilt avhengige av mekanisk ventilasjon. Gris er nest mest sårbar, sidan temperaturen stig raskt i tette bygg om ventilasjonen stoppar. Mjølkekyr blir særleg råka ved stopp i mjølkerobot eller vassforsyning. Ammekyr og anna storfe toler meir, men treng vatn og lufting. Sau, geit og hest står oftare i meir opne bygg og toler temperatursvingingar betre, opplyser dei.

Det store beredskapsgapet

Samstundes som DSB satsar stort på kampanjar retta mot innbyggjarar , sit norske bønder med det juridiske ansvaret for små og store besetningar. Etter dyrevelferdslova har dyreeigarane ansvar for naudsynt tilsyn, fôr, vatn og stell, også i kriser eller ved svikt i kritisk infrastruktur.

Etter dyrevelferdslova har dyreeigarane personleg ansvar for naudsynt tilsyn, fôr, vatn og stell, også i kriser eller ved svikt i kritisk infrastruktur. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

– Dette inneber at alle husdyrprodusentar skal ha ein grunnleggjande beredskap for bortfall av straum, vatn og fôr, i tillegg til rutinar som sikrar at dyra ikkje blir utsette for fare når kritiske funksjonar sviktar. Samstundes er dyreeigar ansvarleg for smitteførebygging og biotryggleik, både i kvardagen og under kriser, skriv Landbruks- og matdepartementet (LMD) i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Ansvarsdeling i uvisse tider

Bondelagsleiaren på Vestlandet slår fast at ansvaret for dyrevelferda er openberr i krisesituasjonar, men vedgår at bønder er like sårbare som resten av samfunnet. Han understrekar at det er grenser for kor lenge ein gard kan driftast, når kritiske samfunnsfunksjonar sviktar:

– Det blir eit spørsmål om kor mykje beredskap ein skal ha og kor lenge ein kan sikre seg sjølv. Ein blir nøydd til å prioritere. Eigenberedskap handlar om å finne ein balansegang mellom kor mykje ein kan sikre seg mot, og kor sikker ein faktisk kan bli.

Husdyrprodusentar skal ha ein grunnleggjande beredskap for bortfall av straum, vatn og fôr, i tillegg til rutinar som sikrar at dyra ikkje blir utsette for fare når kritiske funksjonar sviktar.

Landbruks- og matdepartementet (LMD) forklarar at styresmaktene skal leggje til rette rammer og støtteordningar. Statlege erstatnings- og tilskotsordningar kan nyttast ved ekstraordinære hendingar, som sjukdomsutbrot, avlingsskadar eller naturhendingar. Samstundes kan kommunal kriseleiing prioritere nødvendige ressursar, som nødvatn, transport eller straumstøtte, når liv og helse står i fare.

Regjeringa har utnemnd 2026 til Totalforsvarsåret for å styrkje kriseberedskapen i Noreg. Totalforsvaret er summen av alle militære og sivile ressursar, som i fellesskap skal tryggje landet vårt. LMD løftar fram landbruket som ein kritisk samfunnssektor og vurderer norske gardsbruk som ein viktig del av det nasjonale forsvaret. Departementet stadfestar at godt samarbeid mellom naboar, lokalt næringsliv og styresmakter er avgjerande ved store og langvarige kriser.

– Naboskapet står sterkt

Medan DSB no oppmodar alle til å skaffe seg ein beredskapsvenn, har landbruket alltid vore tufta på «grannehjelp». Fløtre skildrar dugnads­viljen som kjempegod, og forsikrar om at gardbrukarar har solide beredskapsplanar i botnen:

– Stort sett gjer vi mykje rett, men det er klart at det sikkert også er ting vi kan bli betre på. Mellom anna er vi avhengige av straum heile tida, noko som gjer det viktig å samarbeide, seier han.

Sårbar teknologi

Ny teknologi har stadig automatisert og effektivisert landbruket, men òg skapt nye sårbarheiter.

– Traktordrive straumaggregat gjer oss litt tryggare, men ein kan aldri vite akkurat korleis det slår ut. Ikkje alle har diesel på garden. Diesel er òg ein avgrensa ressurs. I tillegg kan det skje ting ein ikkje kan styre. Vi er avhengige av vasspumpa, som går på straum. Med dieselaggregat har vi nok vatn til drift i éin dag om straumforsyninga sviktar, seier Jan Erik Fløtre.

Mjølkerobotar er særleg utsette for å miste nettsambandet, i tillegg til hacking og datakriminalitet. I ytste konsekvens kan bønder måtte gå tilbake til manuell mjølking.

NLR peikar på at dei fleste løysingane berre er dimensjonerte for å sikre kortvarig drift av kritisk utstyr. Mange aggregat kan drive éin mjølkerobot, ventilasjon og vasspumper, men ofte ikkje alt på full kapasitet over lang tid. Aggregat krev også drivstofflager.

Auka merksemd

Beredskap for husdyr er rekna som eit næringsansvar. Difor blir beredskapsråda for landbruk i stor grad kanaliserte gjennom faglag, rådgjevingseiningar og varemottakarar, snarare enn gjennom generelle kampanjar til allmenta. NLR er eit døme på eit rådgjevingsselskap, som hjelper bønder med beredskapsplanar i praksis. Dei har merka at etterspurnaden etter rådgjeving har auka monaleg:

– Ekstremvêr, hyppige straumbrot, auka sårbarheit og større merksemd rundt HMS gjer at fleire bønder etterspør gjennomgang av beredskapen. Våre rådgivarar hjelper bønder dagleg med å få dette på plass som ein naturleg del av HMS-oppfølginga, skriv NLR til NPK.

– Kjem dei ikkje og hentar mjølka, har eg eit kjempeproblem. Etter berre trekvart dag må eg slå ho ut. Korleis løyser ein det viss mjølkebilen ikkje kjem på fleire veker? spør leiar i Vestland Bondelag, Jan Erik Fløtre.

Også bondelagsleiaren på Vestlandet peikar på at merksemda rundt beredskap har auka dei siste fem åra, spesielt etter pandemien:

– Vi har ikkje opplevd slike akutte hendingar før. Tidlegare trudde vi ikkje at dette kunne skje, men med endra vêr og eit uroleg verdsbilete ser vi no alvoret. Vi har hatt episodar med både ras og flaum, i tillegg til ekstremvêr og kraftig styrtregn.

Fløtre tykkjer det er positivt at fleire snakkar om eigenberedskap, men etterlyser også handling frå resten av samfunnet.

– Vi har eit korttidsminne, som gjer at vi treng stadige påminningar. Sjølvforsyningsgraden i Noreg er berre rundt 40 prosent. Sjølv om vi siktar høgare, er vi framleis heilt avhengige av omverda for både mat og fôr, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS