nyhende
Nok ei veke med forseinka postlevering
Posten har eit stort bemanningsproblem grunna mange i karantene.
Nok ei veke med forseinka postlevering gjer at Vestavind som kom ut i går ikkje blei leverte til alle abonnentar som forventa. I følgje Vestavind sin kontaktperson i Posten og Bring kundeservice blir avisene leverte så snart som råd er.
Dei som får avis med avisbod om morgonen skal ha motteke avis som vanleg, likeeins dei som får i postboksar.
Dei som ikkje har motteke avis, er velkomne innom kontoret vårt i Sveiogata 72 før kl. 15.30 i dag for å henta seg eitt eksemplar. Eller kontakt oss gjerne for å få digital tilgang og moglegheit til å lesa avisa på nett. Send mail til: post@vestavind-sveio.no, så vil du få tilsendt innloggingsinformasjon fortløpande.