nyhende

Konsernsjef Haugaland Kraft AS Olav Linga og direktør Haugaland Kraft Fiber AS Jan Håland.
Konsernsjef Haugaland Kraft AS Olav Linga og direktør Haugaland Kraft Fiber AS Jan Håland.

Nøgde TV- og breibandkundar under pandemien

Haugaland Kraft Fiber har dei mest nøgde breibandkundane i Noreg for tolvte året på rad, skriv Haugaland Kraft i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Det uavhengige analysebyrået EPSI Rating Noreg har nok ein gong undersøkt kundetilfredsheita i den norske breibands- og TV-bransjen. Altibox, som blir levert av Haugaland Kraft Fiber på Haugalandet går igjen seirande ut av alle kategoriar: Breiband privat, breiband bedrift og TV privat.

– Koronaviruspandemien førte til mykje større bruk av breibandet på grunn av hjemmekontor, heimeskule, gaming og auka konsum av underhaldning. Når kundane stiller høgare krav til TV og internett, er det veldig kjekt at me igjen endar opp med dei mest fornøgde kundane, seier konsernsjef Olav Linga i Haugaland Kraft.

– Me har hatt god tilstrømming av kundar sidan me starta med utrulling av fiber. Det har til tider vore ei utfordring undervegs å komma etterspørselen i møte så raskt som me skulle ønska. I dag er ,e veldig godt utbygd og kan levera fiber dei aller fleste plassane i regionen, avsluttar konsernsjefen.

Haugaland Kraft Fiber leverer breiband og underhaldningstenester frå Altibox til ca. 42.000 kundar. Saman med partnarane i Sunnhordland, Hardanger og Arendal leverte dei breiband og Altibox-tenester til ca. 60 000 kundar.

Powered by Labrador CMS