nyhende

Anne Fresvig ved vegen som fører opp til garden hennar på Åse.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Anne Fresvig ved vegen som fører opp til garden hennar på Åse.

— Nøgd med at dei vil samarbeida med oss om justeringar av trasé

Under kommunestyremøtet måndag kveld vart interessekonflikten i samband med fylkesveg 541 nok ein gong teken opp til samtale. Kommunestyret gjorde sitt for å koma nærare ei tilfredsstillande løysing.

Publisert Sist oppdatert

Asle Georg Halleraker (Ap) konstaterte under møtet at situasjonen er særs krevjande å handtera, og at alle involverte partar er nøydde til å forsaka noko.

Asle Georg Halleraker (Ap) presenterte måndag eit framlegg til vedtak i fylkesveg 541-saka.

— Me kan nok ikkje ha mål om å gjera absolutt alle 100 prosent nøgde; snarare ein liten smule misnøgde, men på eit nivå alle kan leva med. Her er det mange interesser ute og går, og vår viktigaste oppgåve er å lyda til både fagpersonane og dei som vert direkte råka av vegbygginga.

Vidare presenterte han eit samrøystes vedtak, som partia Krf, Frp, Høgre, Ap og Sp vart samde om i fellesskap:

  • Kommunestyret godkjenner framlegg til detlajregulering for fv. 541 Grimstveit – Sveio i medhald av paragraf 12 – 10 i plan- og byggingslova.
  • Rådmannen får i oppdrag å sjekka mindre justeringar av traséval B3 og C2 noko lenger vest enn det som ligg i bordet . Langs desse strekningane skal ein gå i dialog med grunneigarane, og ved bruk av avgrensa høyringar, finna gode traséar.
  • Rådmannen får i oppdrag å utforma ein skriftleg avtale med grunneigarane i høve traséval. Om ikkje dette lèt seg gjera, kjem dagens traséval opp til ny godkjenning i kommunestyret.
  • Dagens fylkesveg vert fylkeskommunal sykkel- og gangstig.
  • Formannskapet skal haldast kontinuerleg orientert.
  • Arbeidet med å sikra finansiering av fylkesveg 541 startar straks.
  • Ordføraren tek kontakt med Bømlo kommune for, om mogleg, å oppretta ei felles politisk arbeidsgruppe, som skal arbeida opp mot Vestland fylkeskommune med tanke på finansiering og framdrift i vegprosjektet.

Held fram kampen

Ein av grunneigarane i området langs fylkesvegen, Anne Fresvig, stilte opp som tilskodar på vegner av seg sjølv og dei andre grunneigarane.

— Eg er nøgd med vedtaket og at dei vil samarbeida med grunneigarane om justeringar av traséen, sa ho til Vestavind.

Ho fortalde òg at dei ikkje gjev opp, og at dei framleis kjem til å kjempa for å verna om eigedomane sine.

Får ikkje gjort alle til lags

Lars Tore Martinsen, som er planprosjektleiar i Vestland fylkeskommune, var òg til stades for å svara kommunestyret på spørsmål.

Lars Tore Martinsen, planprosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Martinsen meiner det er umogleg å gjera alle til lags, og fortel at utfallet av å leggja ny trasé ikkje plent er så kritisk som dei involverte partane opplever her og no.

— Det er mange strategiske omsyn som skal takast. Me bruker å velja det alternativet som er mest geometrisk og økonomisk gunstig. Om grunneigarane ikkje skulle få den traséen dei ynskjer, vil dei naturlegvis få økonomisk erstatning, seier Martinsen og held fram:

— Det er ikkje slik at grunneigarane ikkje har vorte høyrde, for dei vert høyrde, men det tyder ikkje at dei plent får det heilt som dei vil. Det er vanskeleg å gjera alle til lags. Me har prøvd å finna ei løysing som er etande for alle, men diverre fungerer det ikkje slik.

Det er mellom anna her på Åse at forslaget til ny fylkesveg 541 kjem tett på bygningar.
Powered by Labrador CMS