nyhende

Kommunalsjef for skule, barnehage og kultur Elisabeth Nygaard (t.v.) saman med leiarane i Sveio-skulene: Bjørn Tore Enerstvedt (rektor ved Førde skule), Arve Myklebust (rektor ved Valestrand oppvekstsenter), Suzanne Åbø (inspektør ved Sveio skule), Lene Lier (rektor ved Sveio skule), Camilla Tverfjell (rektor ved Auklandshamns skule), Kristine Rossehaug (inspektør ved Vikse skule og Ronny Valdersnes (rektor ved Vikse skule). Ikkje til stades: Heidi Storstein, inspektør ved Sveio skule).FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kommunalsjef for skule, barnehage og kultur Elisabeth Nygaard (t.v.) saman med leiarane i Sveio-skulene: Bjørn Tore Enerstvedt (rektor ved Førde skule), Arve Myklebust (rektor ved Valestrand oppvekstsenter), Suzanne Åbø (inspektør ved Sveio skule), Lene Lier (rektor ved Sveio skule), Camilla Tverfjell (rektor ved Auklandshamns skule), Kristine Rossehaug (inspektør ved Vikse skule og Ronny Valdersnes (rektor ved Vikse skule). Ikkje til stades: Heidi Storstein, inspektør ved Sveio skule).

No styrer desse Sveio-skulane

Etter mykje utskifting av skule-leiarar dei siste åra, kan kommunalsjef Elisabeth Nygaard i haust ha fokus på alt anna enn rekruttering av nøkkelpersonell.

Publisert Sist oppdatert

Sidan Elisabeth Nygaard vart tilsett som kommunalsjef for skule, barnehage og kultur på seinhausten 2020, har mykje handla om å rekruttere leiarar til skulane. 

Fire av fem nye 

Onsdag denne veka var det skulestart for Sveio-elevane, og kommunalsjefen er glad for at ho ved skuleåret har nøkkelpersonell på plass ved alle skulane. 

Heile fire av fem skuler har fått nye rektorar sidan ho blei tilsett som kommunalsjef. Det ligg ikkje nokon dramatikk bak dei mange utskiftingane i Sveio-skulen dei siste to par åra. 

— Nokon har gått av med pensjon, andre har søkt utfordringar andre stadar. Det er slik det er, seier Nygaard. 

Sjølv kom ho til kommunalsjefstillinga i Sveio frå stillinga som einingsleiar for barnehagane i Haugesund kommune. 

Oppvekstreform 

Tysdag var leiarar ved både skule og barnehagar samla til ein felles planleggingsdag i aulaen på Vigdartun. Der var også representantar frå andre einingar som er tett på elevane og deira kvardag. Mellom anna PPT-tenesta og barnevernet. 

På programmet var mellom anna oppvekstreforma som trådde i kraft frå 1. januar i år, kor førebyggande arbeid og tidleg innsats i elevanes kvardagsliv har hovudfokus. 

Desse er rektorar ved Sveio-skulane: 

• Sveio skule: Lene Lier 

• Førde skule: Bjørn Tore Enerstvedt 

• Vikse skule: Ronny Valdersnes 

• Valestrand oppvekstsenter: Arve Myklebust 

• Auklandshamn skule: Camilla Tverfjell 

Powered by Labrador CMS