nyhende

Det er framleis trikset med å trekkje ut støpselet som fungerer best når det smell.
Det er framleis trikset med å trekkje ut støpselet som fungerer best når det smell.

No startar lynsesongen

Me har hatt ein del torevêr, seinast denne veka, men årets verste lynmånad, august, er rett rundt hjørnet. Dette er kva du må hugse på å gjere om uvêret byrjar.

Publisert Sist oppdatert

Tal frå Frendeundersøkelsen som Norstat har gjennomført viser at berre 3 av 10 nordmenn vernar tinga sine når det lyner. Det er framleis trikset med å trekkje ut støpselet som fungerer best når det smell, skriv Frende forsikring i ei pressemelding.

– Det er for dårleg at så mange ikkje tek vare på tinga sine. Trekk ut støpselet når det torar og bruk heller eksterne ladarar eller mobildata den tida du er kopla frå straumen i veggen, seier brannekspert i Frende Forsikring, Øystein Øren.

Overspenningsvern

Viss du har installert overspenningsvern, kan du slappe av. Då treng du ikkje kople frå noko når lynet slår ned rundt deg.

Viss tinga dine blir skadde etter lynnedslag, er du dekt gjennom innbuforsikringa. Skadar på bygning er dekte med ein hus- eller hytteforsikring.

– Skadane blir dekte under brannforsikringa, som er ein obligatorisk del av forsikringa. Viss fryseboksen din blir øydelagd, blir også innhaldet erstatta, seier Øystein Øren frå Frende Forsikring.

Dette må du hugse på når det lynar

  • Installer overspenningsvern i sikringsskapet
  • Trekk ut kontakten
  • Bruk ekstern ladar og datatrafikk
  • Hugs at lynet stort sett slår ned i det høgaste punktet
  • Dropp paraply og fiskestong
  • Det er tryggare i bilen enn ute
  • Ikkje bad når det lynar
  • Bruk mobiltelefon
Powered by Labrador CMS