nyhende

svavar fridrikssonungdomsrådet
Svavar Fridriksson er sekretær for Sveio ungdomsråd.

No skal nye ungdomar få sjansen

Publisert Sist oppdatert

Ungdomsrådet har desse arbeidsområda:

  • Møter i Ungdomsrådet om lokal politikk og aktivitet for ungdom – seks til åtte gonger pr.år
  • Politisk kafé på Vigdartun éin gong pr. år
  • Ungdomsklubben «House of Fun» – ope hus minst éin fredag pr. månad
  • Deltar med to representantar i kvart hovudutval (HHO, HOK, HTN) med tale- og forslagsrett
  • Leiar og nestleiar møter i kommunestyret og formannskapet
  • Internasjonal deltaking gjennom EU- og EØS-finansierte prosjekt
  • Deltar regionalt og nasjonalt på konferansar og møter med andre representantar
  • Arrangerer konsertar, natturnering i fotball og volleyball
  • Arbeider for å skape aktivitet for ungdom i samarbeid i lokalsamfunnet
  • Gir støtte til gode tiltak som ungdomsgrupper søker om

Kjelde: Sveio kommune

Snart er det dags for det årlege valet til Sveio ungdomsråd. Her kan ungdommar mellom 13 og 18 år stilla til val, og dermed vera med å påverka korleis det skal vera i Sveio i dag og i framtida. Det er 17 faste medlemmer i ungdomsrådet, og 17 varamedlemmer.

Aktiviteten i Ungdomsrådet har i koronaperioden ikkje vore så stor, men nettmøte har blitt halde.

– Arrangement har me ikkje fått til så mykje, men no ser det veldig positivt ut, seier Svavar Fridriksson, som er sekretær for rådet.

Han håpar at House of Fun held fram. Til våren er det planar om å ha ei helg med LAN, og fleire andre kjekke ting. Fristen for å stilla til val er fredag 22. oktober, og dei som vil stilla kan senda ein SMS til Fridriksson.
Valdagen blir fredag 29. oktober.
Powered by Labrador CMS