nyhende
No kjem sommaren tilbake i Sør-Noreg – varmerekordar står for fall
Det blir fire knalldagar i Sør-Noreg frå torsdag med temperaturar over 25 grader. Rekordar står for fall, trur meteorologane. Men først kjem det mykje regn.
Kan vi slå septemberrekorden på 28,6 grader frå Drammen i 2021? spør Meteorologisk institutt.
Årsaka til varmen er at det mellom lågtrykk i vest og høgtrykk i aust blir trekt veldig varm luft sørfrå til Sør-Noreg frå torsdag.
Men først regn
Dei første dagane gir det litt ustabil luft, som gir desse regnbyene som er venta frå i kveld og utover morgondagen, fortel meteorolog Eldbjørg Moxnes til NTB.
– No verkar det som at prognosane er samstemte om at det blir tørt og varmt frå torsdag når vi får gjort unna det regnvêret, seier ho.
Tysdag kveld er det sendt ut oransje farevarsel om mykje regn på Austlandet. Det kan bli 50–60 millimeter nedbør enkelte stader. Det er også sendt ut oransje farevarsel for flaum og jordskred for delar av Sør- og Austlandet.
– Skikkeleg sommarleg
Sør for Stad og Dovre kan det fort bli 25 og opp mot 30 grader nokre stader. Det er varmt til å vere september.
– Det er unormalt varm luft og skikkeleg sommarlege luftmassar. Det held på til søndag. Det blir meir normal september frå måndag, seier Moxnes.
Ho meiner det er sannsynleg at varmerekordar for september vil ryke. Medan den nasjonale rekorden er på 28,6 grader i Drammen, ligg dei fleste fylkesrekordane på 27 og 28 grader, ifølgje meteorologen. I Østfold står kanskje rekorden på 25,6 grader for fall.
Fire knalldagar
I skrivande stund er Yrs prognose 27 grader i Oslo, 28 grader i Bergen og 24 gradar i Stavanger torsdag ettermiddag.
For Sveio sin del ser det ut til å bli 25 grader torsdag til og med laurdag, medan søndagen blir litt kaldare med 21 grader.
Lenger nord i landet blir det ikkje fullt så varmt, men også i Trøndelag og Møre og Romsdal blir det opp mot 25 grader. Lenger nord blir kjøligare, men ikkje kaldt.
– Denne varmen kjem ikkje dit. Men også der blir det relativt gode temperaturar. Fredag ser det ut som at varmen trekkjer litt nordover, og det kan bli oppi 20 grader mange stader og ein del sol. Men det blir litt meir skiftande skydekke og ein del regn innimellom, seier Moxnes.
– Det blir ikkje fire sånne knalldagar som i Sør-Noreg.