nyhende

Du kan logga inn for å sjekka skattekort, skattemeldinga eller skatteoppgjeret med BankID på mobil. Foto: Bård Brinchmann Løvvig, Skatteetaten
Du kan logga inn for å sjekka skattekort, skattemeldinga eller skatteoppgjeret med BankID på mobil.

No kjem skattemeldinga: 2,8 millionar får 17.000 kroner i snitt tilbake

Førebels tal frå skatteetaten viser at det er betalt 46,4 milliardar for mykje i skatt. Frå i dag 13. mars og fram til 4. april blir skattemeldingene sendt ut puljevis.

Publisert Sist oppdatert

Praktisk info om skattemeldinga

  • Skattemeldinga blir sendt ut på ulike dagar mellom 13. mars og 4. april. Du får e-post eller SMS når di skattemelding er tilgjengeleg.
  • Sjølv om du får skattemeldinga på papir, har du fortsatt moglegheit til å logga deg inn på skatteetaten.no for å sjå og levera skattemeldinga.
  • Har du spørsmål om skattemeldinga, kan du kontakte skatteetaten via skatteetaten.no/kontakt.
  • Som alltid er leveringsfristen for skattemeldinga 30. april for lønstakarar og pensjonistar, og 31. mai for næringsdrivande.

Dei 46,4 milliardene skal tilbakebetalast til 2,8 millionar nordmenn. I snitt blir det 17.000 kroner tilbakebetalt, skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

Fullt så kjekt er det ikkje for 1,1 millionar nordmenn som ligg an til å få restskatt på 40.800 kroner i snitt per person. Til saman utgjer restskattbeløpet 46,9 milliardar kroner.

Svarar seg å sjekka

Men tala kan endra seg. Det er først når du har sjekka, eventuelt endra og sendt inn skattemeldinga talet for deg blir endeleg. Og det svarar seg difinitivt å legga ned litt arbeida i å gjennomgå skattemeldinga:

Då 5,1 millioner lønnstakarar, pensjonistar og enkeltpersonforetak fekk skattemeldinga sin i 2024 låg 2,7 millionar av dei an til å få pengar til gode. Etter at alle skattemeldinger var ferdig behandla og alle hadde fått skatteoppgjer, viste fasiten at 3 millionar fikk pengar til gode.

Samtidig låg 1,2 millioner an til å få restskatt, men dette ble redusert til 840.000 då alle skatteoppgjørene var klare.

Dette endrar folk oftast:

  • Renter og gjeld
  • Formuesverdi for bil/køyretøy
  • Reisefrådrag
  • Overskot frå utleige av fast eigedom
  • Foreldrefrådrag
  • Virtuell valuta/krypto
– Sjølv om delar av skattemeldinga allereie er fylt ut, kan det vera feil i opplysningane, og det kan vera opplysningar du sjølv må legga til. Du må difor sjekka skattemeldinga, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Når kjem pengane på konto?

Etter at skattemeldinga er levert, tek det vanlegvis litt tid før skatteoppgjeret er klart og du kan få pengane utbetalte. Dei fleste får skatteoppgjeret før sommaren, men nokre må venta til hausten.

– Det kan det vera fleire grunnar til. Eksempelvis kan det vera at det manglar opplysningar i skattemeldinga di, at du har ei komplisert skattemelding, eller at du er teken ut i ein tilfeldig kontroll, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Leveringsfristen er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar, og 31. mai for næringsdrivande. Om du ikkje leverer innan fristen, får du skatteoppgjeret ditt tidlegast i juni.

Får du restskatt, kan du velja å betala seinast 31. mai for å sleppa renter. Om du ikkje betaler då, vil restskatten måtta betalast etter sommaren – med renter.

Powered by Labrador CMS