nyhende
No kjem det påfyll med snø
Litt mildare vêr og vind gjer at det minkar på snøen frå det store snøfallet fredag til laurdag. Men tysdag ser det ut til at det bli påfyll.
Om Yr får rett, kjem det ein del ny snø frå tysdag ettermiddag til onsdag morgon. Kor mykje er det ikkje lett å seia, men slår makstala til blir det over 10 cm. Nett passe til fint skiføre, og ikkje altfor mykje å moka.
Onsdagen ser elles ut til å bli ein fin, men kjøleg dag. Slår meldingane, til blir det sol og blå himmel frå tidleg føremiddag. Torsdagen kan bli ein skikkeleg kald dag på føremiddagen, men dagen er venta å enda så vidt under null.
Fredagen skal begynna på minussida av gradestokken, men utpå dagen endrar det det seg. Temperatuen kryp over null, og i helga kan det bli temperaturar opp mot 5 plussgrader. Samstundes er det venta ein del nedbør, då i form av regn.
Bakken er framleis godt nedkjølt, så helgevêret kan også føra til glatte vegar.