No kan du sende pakker med nødhjelp til Ukraina kostnadsfritt med Postnord. Biletet er frå det nasjonale mottakssenteret for flyktningar i Noreg.FOTO: NPK
No kan du sende nødhjelp til Ukraina kostnadsfritt
Privatpersonar kan no kostnadsfritt sende pakkar med nødhjelp til Ukraina frå Postnord.
NPK-NTB: Pakkane frå Noreg vil køyrast til Polen, der det ukrainske postvesenet (Ukrposhta) hentar og distribuerer varene vidare inn i Ukraina til dei stadene i landet der behovet er størst, opplyser Postnord.
– Mange ønskjer å støtte det ukrainske folket i ein heilt forferdeleg situasjon. No tilbyr vi å sende den enkelt og gratis, og å få hjelpa fram heile vegen til det ukrainske folket, seier administrerande direktør i Postnord Norge, Robin Olsen.
Selskapet har 22 stader der pakkane kan leverast inn og sendast til Ukraina utan kostnad, mellom anna i Ålesund, Bergen, Voss, Åndalsnes, Skei i Jølster og Stavanger.
Pakken kan vere på inntil 20 kilo og ha ein maksimal storleik som ein «vanleg flyttekartong». Ein kan berre sende éin type vare per pakke, til dømes éin pakke med mat og éin med hygieneprodukt – for at varene enklare skal kunne distribuerast til rett stad når dei kjem til Ukraina.