nyhende

058ab950-8b8d-419b-afb1-a31899ebb81e

No kan du få personleg bilskilt i fleire storleikar

– Bilinteresserte ønskjer å ha tidsriktige skilt på bilane sine, og det forstår eg godt. Ein veteranbil blir ikkje heilt autentisk utan rett storleik på bilskiltet. Frå 16. juni kan ein søka om personlege bilskilt i fleire storleikar. Eg veit at mange bilentusiastar der ute har venta på denne gladmeldinga, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Publisert Sist oppdatert

Sidan 2017 har det vore lov å bruka personlege kjennemerke på bil med skilt i vanleg storleik. No opnar regjeringa opp for at personlege kjennemerke kan komma i både store og små storleikar og for ulike køyretøy, opplyser Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

Fem nye variantar

– Regjeringa opnar no opp for at fleire skal kunna setja eit personleg preg på kjennemerka på køyretøyet sitt. Viss ønsket er eit personleg skilt i amerikansk storleik på bil, eller personleg skilt på motorsykkel eller tilhengar, så opnar vi no opp for nettopp det, seier Hareide.

Dagens ordning for personlege kjennemerke gjeld berre i ordinær storleik, altså 52×11 centimeter. Frå 15. juni blir personlege kjennemerke tilgjengeleg i endå fleire storleikar:

  • «Stort-høgt» (34 cm x 21 centimeter)
  • «Lite-smalt» (30 cm x 8,5 centimeter)
  • «Lite-høgt» (22 cm x 15 centimeter)
  • Amerikanske skilt (30 cm x 15 centimeter)
  • Skilt til tilhengar (47 cm x 11 centimeter).

Overskot til trafikktryggleik

– No vil endå fleire kunne velja kva som skal stå på kjennemerket sitt. Det blir fleire typar kjennemerke til fleire forskjellige typar køyretøy. Ikkje nok med det, overskotet ved å kjøpa denne typen skilt, som er på 9000 kroner, går òg til eit godt formål, nemleg trafikktryggleik, seier Hareide.

Det vil bli mogleg å bestilla dei nye skiltstorleikane frå 16. juni.

Powered by Labrador CMS