nyhende

No hjelper Sjømannskyrkja sydenfararar i naud

Det har vorte langt mellom sjømennene i i Sjømannskyrkja. Men den tradisjonsrike kyrkja har funne seg nye jaktmarker. No er det ikkje lenger dei fortapte sjelene dei jaktar, men solhungrige nordmenn i naud.

Publisert Sist oppdatert

Sjømannskyrkja

  • Grunnlagt 31. august 1864 i Bergen med namnet «Foreningen til Evangeliets Forkyndelse for Skandinaviske Sjømænd i framande hamnar». Har 29 kyrkjer på alle kontinenta.
  • Sjømannskyrkja er ein sjølvstendig og frivillig organisasjon som møter nordmenn i utlandet. Kyrkja er med på å skape sosiale, kulturelle og kyrkjelege møtestader der folk er, på alle kontinent og norsk kontinentalsokkel.
  • Kyrkja møter nordmenn uavhengig av livssyn og bakgrunn, og har spesialkompetanse på kriseberedskap. Sjømannskyrkja er finansiert av gåver frå privatpersonar og foreiningar, beredskapsavtalar med næringslivet og støtte frå staten. Kyrkja samarbeider med utanrikstenesta, og hjelper næringsliv, utdanningsinstitusjonar og privatpersonar når ulykker og kriser rammar.
  • Sjømannskyrkja følgjer Den norske kyrkjas liturgiar, og står under teologisk tilsyn av biskopen i Bjørgvin.

Sjømanskirken vart starta for å forkynne Evangeliet for norske sjømenn i framande hamnar. Men det har skjedd mykje sidan 1864. No er det blant anna sydenturistar som nyt godt av dei gode hjelparane i dei 29 kyrkjene verda rundt.

På sjukehus med mjølkesjokolade

Dersom du skulle hamne på sjukehus medan du er i Spania så er det ikkje grunn for å bli uroa dersom ein prest eller medarbeidar frå Sjømannskyrkja bankar på døra. Det treng på ingen måte å bety at din siste time er kommen og at det hinsidige ventar.

– Vi har faste rundar på sjukehusa og sjekkar om folk har det bra og om dei har forsikringane og papira i orden. Nokre gonger er vi der i eit par minutt, medan andre gonger blir vi verande i fleire timar. Norsk mjølkesjokolade er alltid ein vinnar og vi tek også med oss litt lesestoff til pasientane, seier sjømannsprest Peder Myren. Han er dagleg leiar i Sjømannskyrkja i Albir i Spania. Området på Costa Blanca er kjent for sine mange norske turistar og fleire tusen nordmenn har også busett seg på denne solrike kysten.

Legg bort Gud og Jesus

Den forkynnande rolla er fråverande så lenge kyrkja er på sjukehus eller ute i miljøa der nordmenn i utlandet ferdast.

– Vi er opptekne av å vere ei kyrkje for alle og trengjer oss ikkje på folk for å omvende dei. Det er slutt på den tida då vi jakta på fortapte sjeler. No er vi der for dei som treng oss og då legg vi frå oss Gud og Jesus. Vi har hatt folk innom oss som er både muslimar og ateistar og vi skal vise omsorg for alle uansett tru og livssyn, seier Myren.

På puben med nordmenn

Kyrkja i Albir har til saman 13 tilsette og mange av dei jobbar med diakoni, det vil seie at dei jobbar med omsorg for andre.

– Det heile handlar om å vise omsorg og skape tryggleik og gode fellesskapar. Det er det som er oppgåva vår. Eg pleier å seie at eg helst ikkje vil sjå nokre av medarbeidarane mine, fordi eg vil at dei skal vere ute i felten der folk er, seier Myren. Ein av desse er Ragnvald Kjuus som er leiar for det diakonale arbeidet i Albir. Den langhåra familiefaren er godt kjend i det norske miljøet og dukkar gjerne opp på pubar og andre stadar der nordmenn er.

– Ein dag for meg kan vere veldig variert. Av og til er det dramatiske ting som skjer og då er det berre å kome seg ut. Det kan vere familien i Noreg som ikkje har høyrt frå bestemor på lenge og vil at vi skal prøve å kome i kontakt med ho, og då prøver vi å finne ut kva som har skjedd. Det er ein del einsemd og sjukdom blant dei fastbuande her nede og då prøver vi å vere medmenneske og finne løysingar, seier Kjuus.

Han presiserer at dei ikkje kan hjelpe folk med pengar når uhellet er ute, men at dei kjenner til korleis byråkratiet verkar og at dei kan hjelpe folk med å finne hjelp.

– Kriser og beredskap har vi vortne gode på for det er ein viktig del av kvardagen vår. Vi pleier å seie at vi gjerne vandrar saman med folk, og det er ofte det dei treng.

Strikking og graut

Sjølv om kyrkja er god på kriser, er det også mange positive ting som skjer i Spania. Det er også mange som kontaktar diakonen berre fordi dei treng hjelp til å logge inn i nettbanken, eller vil kjøle seg ned i varmen.

– Mange stikk også innom oss for å ta ein kopp kaffi og berre slå av prat. Vi har det alltid godt og kjølig her hos oss og har i tillegg ein liten leikekrok for barna. Alt i alt er det eit godt samhald mellom nordmennene her i Spania. Vi har mange frivillige som hjelper oss, og då kjenner eg på stor takksemd. Når vi har 200 menneske som kjem innom for å ete risgraut, eller 2000 som feirar 17. mai med oss, då er det heilt topp å vere sjømannsprest i Spania, seier presten.

Eit anna populært tiltak er strikkekafeen på måndagar. Her møtest opptil 40 strikkeglade damer og kosar seg med hobbyen sin og nyt eit godt måltid.

– Dette er eit tilbod for alle, og heller ikkje her driv vi med forkynning og sjelesorg, seier Jannike Kjuus som er ansvarleg for dette tilbodet.

Men sjølv om mykje av arbeidet til Sjømannskyrkja handlar om heilt andre ting enn å forkynne Evangeliet, har dei ikkje heilt gløymt det kristne. Dei både konfirmerer, har gudstenester og vier folk som ei heilt vanleg kyrkje. Og ber du om det, er det rom for både sjelesorg og bønn.

Powered by Labrador CMS