nyhende
No har Vestavind tatt fellesferie
Som vanleg er Vestavind stengt i veke 28 og 29. Me er tilbake på kontoret i Sveiogata 72 den 22. juli.
Då er dagleg leiar Susanne Lie Vallestad på plass igjen etter permisjon, og supervikar Einar Vestvik hoppar inn to veker i redaksjonen. Redaktør Ellen Marie Hagevik er tilbake frå ferie 5. august.
Om kontoret er stengt og e-postar ikkje blir svara på desse to vekene, blir nettavisa oppdatert gjennom heile fellesferien. Det blir noko nytt å lesa kvar dag.
Første veka etter fellesferien finn du dagsaktuelle saker på nettavisa. Første papiravis etter ferien kjem 1. august.
Me ønsker alle våre lesarar GOD SOMMAR!