nyhende

Byggjer ut for 100 millionar i Ekrene næringspark:

– No har Sveio sin store sjanse

– Ekrene Næringspark kan bli eit kanonbra felt. Både i Haugesund og Karmøy er det mangel på næringstomter. Det gir oss i Sveio ein sjanse som me må gripa no, men då må me vera villige til å satsa.

Publisert Sist oppdatert

Kai Peder Birkeland i Birkeland AS er entusiastisk, men også utålmodig. Onsdag sist veke delte han både utbyggingsplanar, visjonar og frustrasjonar i eit kort innlegg på årsmøtet til Sveio Næringsforum. I etterkant utdjupar han fleire av synspunkta sine overfor Vestavind.

– Samstundes som nabokommunane manglar næringstomter, byrjar folk å innsjå at det ikkje er så langt til Sveio. Lenge har det skjedd altfor lite på næringsfronten i Sveio, men no har me utsikter til å få fleire verksemder og arbeidsplassar til kommunen. Kven veit, om nokre år kan me kanskje ha 600-700 arbeidsplassar på Ekrene. Men både næringslivet og kommunen må vera viljuge til å bruka pengar for å tena pengar, seier Birkeland med overtyding.

Byggjer ut for 100 millionar

Birkeland AS har sjølv for tida 80 tilsette med tilknyting til Ekrene næringspark. Med dotterselskapa BJ Kran AS, Birkeland & Tyse Bergsprening AS, Anleggsgartnermester Håkon Bjørndal AS og Hetland Rør AS representerer verksemda 110 arbeidsplassar på feltet. Og dei har utbyggingsplanar for rundt 100 millionar kroner. Birkeland-gruppa er ein del av Stangeland Gruppen.

Nordvest på feltet, mot Fv. 47, er grunnarbeidet allereie i gang for eit bygg på 2.000 kvadratmeter for BJ Kran AS. I dette bygget skal også Anleggsgartnermester Håkon Bjørndal AS leiga kontorplass.

Birkeland AS sitt eksisterande bygg skal også utvidast. Her skal det byggjast vaskehall og sveisehall, fortel Birkeland.

Det neste store steget er byggemodning av eit areal på 110 dekar søraust på feltet som Birkeland har hand om.

– Her ar eg allereie blitt kontakta av ei verksemd som kan tenkja seg å kjøpa ti dekar, fortel Birkeland, som førebels ikkje vil røpa kven dette gjeld.

 Fv. 47 ein flaskehals

Birkeland sine utfordringar til kommunen gjeld først og fremst vegar og marknadsføring.

– Vegen frå Ekrene til Haugesund er ein flaskehals. Særleg gjeld dette svingane like sør for kommune- og fylkesgrensa. Me kan ikkje rekna med å få ny veg frå Fagerheim til Ekrene på kort sikt, men det må vera mogleg å gjera strakstiltak på dei verste partia. Her må Sveio kommune vera aktiv pådrivar overfor både Haugesund kommune og vegeigar Rogaland fylkeskommune for å få noko gjort, seier Birkeland.

Han meiner også at det må opprettast ei stilling for ein person som kan marknadsføra næringsareal i heile Sveio overfor næringsdrivande i alle nabokommunane og jamvel sørover til Stavanger.

Meir aktiv marknadsføring

– Om det blir ei kommunal stilling eller ei kommunalt finansiert stilling innan Sveio Næringsforum, kjem ut på eitt for meg. Kansje er det mogleg å samarbeida om ei 50 prosent stilling og gjennomføra ein prøveperiode på for eksempel tre år, tenkjer han høgt.

Desse tankane vann gehør på årsmøtet i Sveio Næringsforum der også rådmann Jostein Førre var til stades og svarte på ein del spørsmål i debatten. Førre seier han er glad for at det no er Birkeland AS som står for vidare opparbeiding og sal av tomter i Ekrene næringspark. Elles viste han til eininga for samfunnsutvikling når det gjeld næringstomter elles i kommunen.

Einingsleiar Bente Marie Johansen var elles også ein av dei som hadde innlegg på årsmøtet og snakka om korleis kommunen kan leggja til rette for auka næringsliv i Sveio.

Politisk sak til hausten

– Når det gjeld marknadsføring av næringsområde elles i kommunen, er det ei oppgåve som er lagt til til eining for samfunnsutvikling. Sveio Næringsforum har søkt om midlar til ei stilling. Denne søknaden skal me vurdera i ei politisk sak om næringspolitikken som blir lagt fram til hausten, seier Førre.

– Når det gjeld fylkesvegane, seier rådmannen at kommunen kan prioritera og framsnakka prosjekt som er viktige. Det er likevel administrasjonen og politikarane i Vestland fylkeskommune som bestemmer og løyver pengar til tiltak på fylkesvegane, seier han.

Vegen til Mølstrevåg

Vegsaker sette elles fart i debatten på årsmøtet til Sveio Næringsforum på fleire område. Særleg var mange opptekne av strekninga frå E39 til Mølstrevåg. Ølen Betong har sikra seg store kontraktar på levering av element til Rogfast som skal gå med bil denne vegen. Fleire av dei som hadde ordet på årsmøtet, tok også her til orde for raske utbetringar på dei mest utsette strekningane.

Powered by Labrador CMS