nyhende

Annlaug Fludal var blant dei som kombinerte vaksinering med folkerøysting over kva fylke ho ønskjer at Sveio skal vere ein del av. Rådgjevar Petter Steen jr. i Sveio kommune registrerte røystarane og ga instruksjonar.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Annlaug Fludal var blant dei som kombinerte vaksinering med folkerøysting over kva fylke ho ønskjer at Sveio skal vere ein del av. Rådgjevar Petter Steen jr. i Sveio kommune registrerte røystarane og ga instruksjonar.

No har 900 sveibuar førehandsrøysta

I Sveio går vaksinering og folkerøysting hand i hand. Om lag halvparten av alle som har vaksinert seg har nytta høvet til å førehandsrøyste.

Publisert Sist oppdatert

10. januar er den store rådgjevande folkerøystinga i Sveio. Då skal innbyggarane røyste over om dei vil vere ein del av Vestland fylke, som i dag, eller byte fylke til Rogaland.

I Sveio har ein kombinert vaksinering og førehandsrøysting. Gjennom prosjektet «Stikk og røyst» har innbyggarar som har oppsøkt vaksinesenteret for å få vaksine mot covid-19, også kunna førehandsrøysta.

900 førehandsrøyster

Ved middagstider onsdag var talet på førehandsrøyster ifølgje rådgjevar Petter Steen jr. I Sveio kommune kome opp i om lag 900. 72 av desse var kome onsdag føremiddag.

— Om lag halvparten av dei som har tatt vaksinen også nytta høvet til å røyste, fortel kommunalsjef Ingunn Toft.

Ho fortel om gode tilbakemeldingar på at kommunen har kombinert vaksinering og røysting.

— Me høyrer også at det er ein del som har røysta i samband med vaksinering, som ikkje villa ha røysta om dei ikkje hadde kunna kombinert det med vaksinering, fortel ho.

Set pris på tilbodet

Annlaug Fludal frå Tveit var ein av dei som nytte tilbodet.

— Veldig fint at ein kunne kombinere vaksine med folkerøysting, seier ho.

Ho fekk sett tredje vaksinedose, og syntes det var greitt å gjere det i romjula.

Gunn Bråtveit hadde tatt turen frå Rophus. Også ho sette pris på å kunne nytte ventetida etter vaksine-stikket til å levere si røyst.

— Veldig greitt. Eg har prøvd å spore opp kor ein kan få røysta, og no når eg kom inn her såg eg plutseleg at kunne røyste samtidig. Det var flott, sa ho.

— Hadde du villa røysta uansett?

— Ja, eg hadde bestemt meg for at eg skulle gjere det, fortel ho.

Siste mogelegheit for å kunne kombinere stikk med røysting blir torsdag neste veke, og då flytter røystinga frå Vigdartun og tilbake til soknehuset.

— Det blir siste vaksering før folkerøystinga. Men vaksineringa held fram kvar torsdag inn i nyåret, understrekar kommunalsjef Ingunn Toft.

Powered by Labrador CMS