nyhende

No går det mot lysare tider

Vått, grått og vindfullt er vel det beste som kan seiast om desembervêret i det siste. Men fortvil ikkje, i morgon snur sola!

Publisert Sist oppdatert

Eller det vil seia, sola snur ikkje. Ordet solverv kjem frå det latinske solstitium, som betyr at sola står stille. Vintersolverv 21. desember skjer i det sola når sitt sørlegaste punkt, sett frå jordkloden. Deretter flyttar sola seg nordover og stig – ikkje snur – litt høgare på himmelen for kvar dag.

Når me kjem til nyttårsafta er dagen blitt om lag åtte minuttar lengre. Ein månad seinare er dagslenga auka med to timar. Hoppar me fram til 31. mars er dagen blitt sju timar og 20 minutt lengre.

Uansett kva ein kallar det går det mot lysare tider.

Det må feirast med desse fantastisk bildene til Dagfinn Heimestøl frå solnedgang på Ryvarden. Sett frå fugleperspektiv og fotografert med drone.

Powered by Labrador CMS