nyhende
No får helsepersonell i Sveio vaksine
Torsdag 14. januar starta vaksinasjonen av helsepersonell. To frå kvart av dei tre legekontora stilte villig opp for sprøytestikk mot covid-19. – Dette gjer eg for familien min og pasientane, seier Beathe Matre.
Alle sjukeheimsbebuarar er vaksinerte, og ein har starta på den neste prioriterte gruppa, dei som er heimebuande og eldre enn 85 år.
Myndigheitene har opna opp for å bruka inntil 20 prosent av dosane til helsepersonell, i Sveio er det nyleg bestemt å benytta seg av denne moglegheita, frå og med denne veka.
Vitale funksjonar
Kor mange dosar som kjem kvar veke varierer, slik at i går var det seks i bransjen som fekk vaksina, éin lege og eit helsepersonell frå Førde legekontor, Albatross legesenter og Sveio legekontor.
– Me har valt å prioritera vitale funksjonar. Legekontorpersonell er sårbare då dei er så få, og vanskelege å erstatta om dei blir sjuke. Anbefalinga frå FHI er at ikkje alle frå ei yrkesgruppe eller frå eit kontor eller avdeling blir vaksinerte på same tid, derfor tar me til dømes ikkje alle legane eller alle på eit legekontor på ein gong, forklarar einingsleiar for helse og rehabilitering, Tore Bøe Olsen.
Frontlinjepersonell
Kommunestyresalen var arena for vaksinasjon. To helsesjukepleiarar frå helsestasjonen, Cathrine Selsås og Grethe Natås hadde trekt opp seks sprøyter med 3 ml. vaksine i kvar.
Motivasjonen til lege Trond Wirkola på Albatross legesenter er to-delt. På den eine sida tenker han på seg sjølv, men også i stor grad på mange av pasientane sine, som ikkje er rusta til å takla covid-19.
Som frontlinjepersonell er han veldig eksponert for å bli smitta, spesielt kjenner han på det når han jobbar på legevakta i Haugesund tre-fire gonger i månaden. Der kjem pasientar frå seks kommunar.
Vil ikkje fungera som smittespreiar
– Eg er 62 år og litt overvektig. Til ei viss grad føler eg at eg har gambla med eige liv og helse, for å setja det litt på spissen. Viss eg skulle bli smitta ville konsekvensane blitt store, eg vil ikkje fungera som smittespreiar for dei dårlegaste pasientane mine seier Wirkola.
Sprøyteskrekk har han ikkje, og vaksinen blir sett på eit blunk av helsesjukepleiar Natås.
– Svei den? Me har blitt fortalt at den gjerne gjer det, undrar ho.
– Den svei litt, stadfestar Wirkola.
Om 21 dagar får han og dei andre yrkeskollegaene dose nummer to.