nyhende
No får fleire tusen brev frå Forsvaret
Måndag den veka sende Forsvaret ut digital melding til utvalde eigarar av køyretøy, maskiner og eigedom i Noreg om førebudd rekvisisjon av deira eigedel.
Dei førebudd rekvisisjonene skal bidra til at Forsvaret i ein eventuell krigssituasjon får tilgang til ressursar som er nødvendige for forsvaret av landet. I 2022 ble det sendt ut litt over 4.000 slike rekvisisjonar. I år er talet oppe i litt over 14.000, skriv Forsvaret i ei pressemelding.
Frå 2024 er det utstedt førebudde rekvisisjonar også på andre typar ressursar enn køyretøy. Dette gjeld eit mindre antal ressursar som bygningar, maskiner og mindre fartøy.
Liten praktisk betydning i fredstid
For dei berørte eigarane betyr ikkje dette noko særleg praktisk i fredstid. Det einaste er at eigaren kjenner til at eigedelen eller ressursen, i ein krigssituasjon, vil bli disponert av Forsvaret om nødvendig.
Den førebudde rekvireringa gjeld for eitt år om gongen, men kan bli forlenga. Rundt halvparten av årets rekvisisjonar er vidareføringar frå tidlegare år.
Eigarar av ressursar som har spørsmål får svar på ei eiga informasjonsside eller ved å kontakta Forsvaret på telefon.
Rekvisisjonsordninga er heimla i lov om militære rekvisisjonar av 29. juni 1951. Forsvaret kan først iverksetta rekvisisjonane om riket er i krig, eller om det blir beslutta av Kongen i statsråd. Loven er laga for å sikra at Forsvaret kan planlegga med samfunnet sine totale ressursar for beredskap ved krig.
– Viktig for beredskapen vår
– Forsvaret sitt rekvisisjonssystem er viktig for vår beredskap. Tilgang til ressursar gjennom førebudde rekvisisjonar inngår i samfunnet si totale støtte til Forsvaret. Vår evne til å forsvara landet er summen av militære og sivile aktørar sine bidrag. Det er dette som er totalforsvaret. Planlagt og koordinert bruk av ressursar på tvers av sektorar gjer at landet er betre budd på krig og krise, seier brigader Anders Jernberg, sjef for Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO).
Ordninga er god samfunnsøkonomi. Det ville vore svært kostbart om alle ressursar det kan bli behov for ved krise og krig skulle vore tilgjengelege i fredsdrifta av Forsvaret.
– Forsvaret har tett samarbeid med statsforvaltarane om ordninga. Gjennom koordinering blir sikra at fylke og kommunar også får tilgang til ressursane dei treng til å løysa sine beredskapsoppgåver, samtidig som ein har planar som gir Forsvaret nødvendige ressursar om behovet skulle oppstå, seier Jernberg.