nyhende
No er sveibuane blant dei flinkaste i landet
Sveio kommune fekk nasjonal merksemd då nokre av innbyggarane uttrykte skepsis til å sette tredje vaksinedose mot covid-19 i jula, grunna frykt for at biverknadar skulle legge ein dempar på feiringa. Så skjedde det noko. No er Sveio blant dei som vaksinert flest over 18 år med tredje dose i heile Noreg.
— Sveibuen kom likevel, og det er flott, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft.
Onsdag sto ho sjølv i døra på Vigdartun, og tok i mot hundrevis av sveibuar som skulle sette få sett vaksine mot covid-19, og for dei aller fleste handle det om tredje dosen.
Nummer 18 av 356 kommunar
Innbyggarane har faktisk respondert så bra at Sveio no har inntatt 18. plassen av landets 356 kommunar i ei oversikt som viser kor stor del av innbyggarane over 18 år i kommunane som no har fått tredje dose. Det er NRK som har fått oversikten frå FHI.
https://vestavind-sveio.no/2021/12/29/900-har-forehandsroysta-suksess-for-stikk-og-royst/
Talet for Sveio var onsdag 69 prosent. Utsira kommune tronar på toppen av den nasjonale oversikten med 90 prosent.
Etter onsdagens vaksine-maraton på Vigdartun er det berre om lag 1.600 sveibuar over 18 år som enno ikkje har fått tredje dose. 570 av desse har bestilt time. Og rett over 1000 har ei tid igjen før dei kan sette tredje dose i høve til intervallet på 4,5 månadar mellom andre og tredje dose.
— Me er godt i rute no. Dette betyr at me nok også er over den største kneika i høve til innsatsen som må leggast ned for å ta unna vaksineringa. Vi vil nok få det litt rolegare i januar og februar enn det mange større kommunar står framfor på nyåret, seier ho.
— Så sveibuen er ikkje så verst likevel?
— Hehe, nei, sveibuane har vore flinke, seier ho.
Ho legg til at heile formålet med å gå ut i media med si uro kring tilbakemeldingane dei fekk knytte til skepsisen før jul, var nettopp å få folk til å vakne og bestille time.
— Det hjelpte, og det er bra, seier ho.
Onsdag var det også tilbod om drop-in-vaksine. Åse Bøe Olsen tok i mot og registrerte dei som nytta seg av det.
— Om lag 10 personar har brukt tilbodet, fortalde ho ved 12-tida.
Lukkast med planen
Dermed har kommunen lykkast med strategien om å bemanne opp på vaksinesenteret rett før og inn i jula, og bestille godt med doser for å få nytta kapasiteten.
Kapasiteten var auka dels ved å flytte på tilsette i organisasjonen, og dels ved å engasjere fleire av dei same studentane som hjelpte til med vaksinering på forsommaren, når dei no var heime på juleferie.
Toft kan fortelje at også dei fleste av dei som er tilsette i barnehagar og skular i kommunen no er vaksinerte med tredje dose.
— Det betyr at problematikken ein del andre kommunar ser kring å gi karantene-fritak for tilsette i skule og barnehage, ikkje er noko stort tema hos oss, fortel ho.
50 ventar på fjerde dose
Sveio kommune har no også byrja å kalle inn dei som skal ha fjerde dose. Dette gjeld pasientar med alvorleg underliggande sjukdom. Dei gjeld cirka 50 personar i kommunen.
— Dei får den fjerde som sin såkalla booster-dose, slik me andre har fått den tredje som booster-dose, fortel ho.
Neste dag for vaksinering av torsdag i neste veke. Då flyttar vaksinesenteret frå Vigdartun og tilbake til soknehuset i Sveio sentrum.