nyhende

Illustrasjonsfoto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK

No er straumen 16 gongar dyrare i sør enn i nord

Publisert Sist oppdatert
NPK: Det er stor forskjell på straumprisane i nord og sør. Måndag 07. mars er straumen 16 gongar dyrare i sør enn i nord.

I dag vert det sett ny årsrekord for straumprisen i Sør-Noreg. Aldri før har dei nasjonale prisforskjellane vore større, skriv NRK Vestland.

Tal frå Nordpool viser at spotprisen i NO1, NO2 og NO5 i dag vert 2,35 kr/kWh. Mellom klokka åtte og ni var prisen 4,90 kr/kWh.

Det er dei høgaste prisane som er registrert i Sør-Noreg i år.

Straumprisane er 16 gongar billigare i Nord-Noreg, der døgnprisen er 15 øre/kWh. Det vil seie at kundane i Sør-Noreg betaler nesten 16 gongar så mykje for straumen som i Nord-Noreg.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS