nyhende
No er manetsommaren i gang
Årets sedvanlege feriegjestar er komne til kysten: brennmanetene. Havforskar ønskjer tips om observasjonar.
– Det har vore observert store mengder med brennmaneter i Indre Skagerak og Oslofjorden i juni. Det har vore tett i tett med små maneter, seier havforskar Tone Falkenhaug på Havforskingsinstituttet sine nettsider.
Desse manetene er unge brennmaneter, og det kan sjå ut som at det er ei blanding av to artar: både raude og blå brennmaneter.
Kvar sommar får Tone Falkenhaug inn meldingar om observasjonar av maneter gjennom folkeforskingsplattforma Dugnad for havet.
Desse tipsa blir nytta til å kartleggje manetene si reise langs kysten.
Korleis manetsommaren i år vil vere, er umogleg å spå på førehand. Brennmanetene har førebels opphelde seg på Austlandet, medan Sør- og Vestlandet har opplevd ei oppblomstring av glasmaneter.