nyhende
No er kommunehuset eit miljøfyrtårn
Måndag spanderte ordførar Linn Therese Erve kake på tilsette for å feira at kommunehuset har fått status som miljøfyrtårn. Ho skrytte av dei tilsette som har arbeidd dette fram.
Skiltet som stadfestar at kommunen på denne måten tar det grøne skiftet på alvor, overrekte ordføraren til driftsingeniør Endre Hope, politisk sekretær Bjarte Stølås Storli og konstituert rådmann Ingunn Toft.
— Det er desse som har stått i spissen for arbeidet med å kvalifisera kommunehuset til miljøfyrtårn, sa Erve talen sin.
Mykje handlar om rutinar for avfallshandtering, fortel Hope og Storli. Elles gått gjennom innkjøpsreglementet og arbeidd med strukturar, HMS-reglement og risikovurderingar.
— Til vår glede har me sett at fleirtalet av leverandørane våre er miljøsertifiserte på ein eller annan måte, seier Storli.
Kommunehuset var den første kommunale verksemda i Sveio som fekk status som miljøfyrtårn, men allereie tysdag er det biblioteket sin tur. Vidare er planen å sertifisera kvar av skulane og barnehagane til miljøfyrtårn, kunne ordføraren fortelja.
— Og jobben er ikkje gjort med det. Me må også følgja opp for å sikra at me får behalda miljøfyrtårn-kvalifiseringa, seier Erve.
Frå før finst det eit tital private verksemder i Sveio som har fått status som miljøfyrtårn.