nyhende

Torsdag var det framleis 70 km/t på den opprusta delen av E39 nord i Sveio. FOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
Torsdag var det framleis 70 km/t på den opprusta delen av E39 nord i Sveio.

No er desse skilta fjerna

I lange tider har det verken vore maskiner eller folk å sjå langs den nyopprusta E39 nord for Førde. Men dei midlertidige 70-skilta har framleis stått der.

Publisert Sist oppdatert

Strekninga mellom Solheim og Bårvågsvatnet på E39 har fått ei kraftig opprusting. Vegarbeidet har sett ferdig ut ei god stund, men 70-skilta på den 2,8 kilometer lange strekninga har blitt ståande igjen.

Torsdag ettermiddag var Vestavind på Tittelsnes, og på veg sørover igjen stogga me og tok bilete av skilta. Planen var å stilla rette person spørsmål om kvifor skilta framleis står der når vegen er ferdig.

Køyrde i 80 – heilt lovleg

Fredag føremiddag tok me kontakt med presseavdelinga til Statens vegvesen, som skulle finna rette vedkommande og få han eller henne til å ringa tilbake.

Eit par timar seinare ringer Knut Stian Rimmereid, byggeleiar for prosjektet. Han har akkurat passert vegstrekninga. I 80 km/t. Heilt lovleg.

— Skilta blei tatt ned i dag tidleg, men eg måtte berre sjå med eigne auge at det stemmer at skilta er fjerna før eg ringte deg tilbake, seier Rimmereid før me får stilt spørsmålet om 70-skilta.

Han er på veg nordover etter å ha vore på eit anna prosjekt når han ringer.

Dårleg asfalt

— At skilta er fjerna er jo veldig bra. Men kvifor har det teke fleire månader etter det bilistane opplever som ferdig veg?

— Me måtte ta opp igjen to parti på grunn av dårleg asfalt. Først fresa den vekk, så legga ny asfalt og deretter merka på nytt. Men no er det altså lov å køyra 80 km/t på heile strekninga igjen, seier Rimmereid.

Ikkje alle var like imponert over korleis vegvesenet prioriterte og ikkje hadde med gang- og sykkelveg i prosjektet:

Powered by Labrador CMS