nyhende
No er bussen fjerna
Måndag skreiv Vestavind om ein buss som har stått parkert og forlaten på Gullvegen i heile sommar. Tysdag morgon var bussen borte vekk.
Det var måndag ettermiddag at Vestavind skreiv om at Sveio kommune hadde sendt ei oppmoding til politiet om å fjerne ein buss som skal ha stått parkert i Gullvegen, nokre hundre meter vest for krysset til fylkesveg 47 ved Ekrene.
Kommunen hadde sendt oppmodinga til politiet etter at ein privatperson hadde gjort kommunen merksam på bussen.
Tysdag morgon var bussen vekk, og det er på det reine at det ikkje er politiet som står bak forsvinninga.
— Hjelpte nok med omtale i media
— Det er godt at bussen er fjerna. Det hjelpte nok at eigar vart varsla gjennom media, seier seksjonsleiar for forebyggende og patrulje ved Haugesund politistasjon, Leif Helge Stølen.
Ein tilhengjar full av skrot står framleis på staden kor bussen stod. Den skal ha stått der allereie då bussen blei parkert der.