nyhende
No er alt på stell igjen
Problemet med at bilar skrapar nedi på grunn av høg asfaltkant ved parkeringa til badeplassen på Bua, er no løyst med påfyll av asfaltgranulat.
Arbeidet er utført i regi av Mesta AS, etter bestilling frå Vestland fylkeskommune.
Etter mange omgangar med asfalt på fylkesveg 4984, Tjernagelvegen, hadde vegen blitt så høg at det var vanskeleg å svinga ned på parkeringsplassen ved badeplassen. Denne plassen blir også brukt av dei som besøker Loknakvedno.
Det var Elisabeth Hauge Bakke som tipsa oss om denne saka. Vestavind tok igjen kontakt med Roger Lemme, byggjeleiar for vedlikehald, drift og beredskap – drift Sør. Ifølgje Lemme var han ikkje kjent med problemet, men lova å sjekka forholda ved første høve som baud seg. No kan alle sjå at høvet har bydd seg.