nyhende
No blir samtykkelova vedteken: – Ein veldig god dag for barn og unge!
Eit breitt fleirtal i Stortinget vedtek i dag at sex med nokon som ikkje har gitt uttrykk for at dei vil, er valdtekt.
– Dette er ein historisk dag. Det er ein veldig god dag for barn og unge. Det er 15-, 16-, 17-åringar som tek kontakt med meg og seier at dei er stolte, seier Arbeidarpartiets Ragnhild Måle Hartviksen, som har vore saksordførar for samtykkelova i Stortinget.
– Mange unge har verkeleg ønskt seg denne lova, legg ho til.
Eit breitt fleirtal i Stortinget stiller seg bak lova. Den skulle eigentleg opp til votering i Stortinget torsdag, men dei rakk ikkje gjennom alt, og den blir banka gjennom fredag.
Det nye regelverket utvidar definisjonen av valdtekt, slik at det også gjeld for den som:
- Har sex med nokon som verken i ord eller handling har samtykt til det.
- Har sex med nokon som i ord eller handling gir uttrykk for ikkje å vilje det.
– No får vi ein enkel, pedagogisk og haldbar lov, som er enkel å forstå, også for barn og unge, seier Hartviksen til NTB.
Mange går i frys
Saksordføraren meiner lova både vil vareta unge som blir utsett for overgrep, men også unge som kan komme i situasjonar der dei forårsakar overgrep.
– Lova byggjer på ein «bare-ja-betyr-ja»-modell. Den markerer haldninga til samfunnet og klare forventning om at all seksuell handling skal vere basert på frivilligheit, seier ho.
Hartviksen viser til svensk forsking om at så mange som 70 prosent kan oppleve det å gå i frys i situasjonar der ein opplever å bli angripen.
– Går du i frys, så kan du ikkje kjempe imot. Og det er jo mange som kanskje ikkje tør det heller, seier ho.
Lova blir utvida
Ho meiner slike frys-situasjonar ikkje er godt nok varetekne i dagens lov, der valdtekt er definert som å «skaffe seg seksuell omgang ved vold eller truende atferd» eller med nokon «som er bevisstløs eller av andre grunner er ute av stand til å motsette seg handlingen».
I den nye lova er desse føresegnene også med, i tillegg til samtykkereglane.
– Det handlar om samtykke i ord eller handling. Det betyr at ein må kunne forklare kva det var som gjorde at ein trudde den andre samtykte til det. I staden for dagens lov, der det handlar om kva gjorde du for å kjempe imot? Det er ein vesentleg forskjell.