nyhende

No startar straks arbeidet med undergang ved Rophuskrysset.
No startar straks arbeidet med undergang ved Rophuskrysset.

No blir det undergang på Ekrene

Vestland fylkeskommune har inngått kontrakt med Vassbakk & Stol for bygging av undergang under fylkesvegen ved krysset Rophusvegen/Tittelsnesvegen. Arbeidet startar i november og skal vera ferdig i juli neste år.

Publisert Sist oppdatert

Dette går fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen. Undergangen med tilhøyrande gang- og sykkelveg og veglys har ein kontraktverdi på 24 millionar kroner utan moms. Prosjektet er finansiert av Haugalandspakken.

Sikrar skulevegen

– Eg er veldig glad for at me kan setja i gang med bygginga av undergangen. No vil me byggja ein undergang som gjer kryssinga trygg for alle og som vil bli mykje brukt av skuleelevane i tida framover, seier Anne Nina Rikstad.

Ho er prosjektleiar i Vestland fylkeskommune. Rikstad fortel elles at entreprenøren skal bruka elektrisk lastebil og elektriske gravemaskinar under arbeidet, slik at vegarbeidet vil ha minimalt med utslepp.

Blir omkøyring

Det blir laga mellombels fortau for gåande og syklande slik at mjuke trafikantar kjem seg trygt forbi anleggsområdet. I tillegg blir det omkøyring for bilistane for å unngå undødig venting og forå ta vare på tryggleiken til dei som skal utføra arbeidet.

Medan Tittelsnesvegen er fylkeskommunal, er Rophusvegen kommunal. Undergangen kom inn i planane i samband med at Haugalandspakken blei redusert, opplyser kommunalsjef teknisk i Sveio kommune, Kenneth Tollefsen.

Krysset har vore mykje diskutert og omtala. Her er nokre av sakene:

Powered by Labrador CMS