nyhende

Frå i dag får du post to dagar i veka eine veka og tre dagar den andre veka.
Frå i dag får du post to dagar i veka eine veka og tre dagar den andre veka.

No blir det post annankvar dag

Frå i dag trer endringane i postregelverket i kraft. Det betyr at du får ulik postlevering annankvar veke. Tre dagar den eine veka og to dagar den andre. Dei som leiger postboks får post kvar dag.

Publisert Sist oppdatert

Postomdeling anna kvar dag vart vedteke 21. juni 2019. Endringane betyr at du får post måndag, onsdag og fredag ei veke, og tysdag og torsdag den andre veka.

Årsaka er digitalisering og at det blir sendt langt færre brev enn tidlegare. Sidan toppåret 1999 og fram til i dag, er talet på brev som blir sendt redusert med 70 prosent. I snitt leverer postbodet i dag tre brev per postkasse i veka.

– Det er derfor ikkje berekraftig eller økonomisk forsvarleg å halda fram med fem dagars postlevering, skriv Posten på si nettside.

Betre tilpassa etterspurnaden

– Postomdeling annankvar dag er betre tilpassa etterspurnaden etter posttenester i framtida. Med å redusere talet på omdelingsdagar tilpassar ein tilbodet, slik at folk og næringsliv fortsatt skal ha eit godt posttilbod over heile landet, seier avdelingsdirektør Hans Jørgen Enger i Nkom, som har eit overordna tilsyn med postsektoren i Noreg.

Post i butikk blir som før, og dei som leiger postboksar vil få post kvar dag.

Du kan lesa meir om dette her.

Endringar for avislevering

Aviser som blir distribuert av Posten, blir levert annankvar dag til postkassar. Har du postboks, blir aviser levert alle kvardagar.

Posten har vunne anbod på å distribuera aviser i heile landet der det ikkje er eigne avisruter. Her er det enno ein del som ikkje er heilt på plass før anbodet trer i kraft 7. juli.

For nokre få av Vestavind sine lesarar vil det kunna bety at dei ikkje får avisa som vanleg etter sommarstenginga i veke 28 og 29. Då er det viktig at du tek kontakt og melder frå om dette. Me jobbar for å finne ei løysing som gjer at alle får Vestavind om torsdagen kvar veke.

Powered by Labrador CMS