nyhende
No blir det forbode å røyke på leikeplassar: – Ein viktig siger
No blir det forbode å røyke i bil med barn, på leikeplassar og på idrettsarenaer. Stortinget vedtek i dag forbodet. – Eit viktig gjennomslag for folkehelsa.
Dette er ein viktig siger for barnehelsa, meiner generalsekretær Guro Birkeland i Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF).
– Lungene til barn er små og i utvikling, og dei tek opp meir røyk enn vaksne. Når lova no skjermar dei på stader dei oppheld seg i kvardagen, er det eit viktig gjennomslag for folkehelsa, seier ho.
Røykeforbodet står på dagsordenen i Stortinget i dag og kjem til å bli vedteke. I tillegg til røykeforbodet på leikeplassar, idrettsanlegg og i bil med barn, blir det også gjort fleire andre endringar i tobakksskadelova.
Eksponering for passiv røyking aukar risikoen for at barn utviklar luftvegsinfeksjonar, astma, øyrebetennelsar og dårlegare lungeutvikling – og i alvorlege tilfelle kan det føre til plutseleg spedbarnsdød, ifølgje NAAF.
Forbundet har jobba i over ti år for å gjere nærmiljøa til barn røykfrie. Men kampen er ikkje over.
– Neste naturlege steg er eit nasjonalt forbod mot røyking på uteserveringar, strender og i parkar. Fleire europeiske land som Sverige, Finland, Frankrike og Spania har allereie innført slike tiltak i heile eller store delar av landet, og vi meiner Noreg bør følgje etter, seier Birkeland.