nyhende
No blir det ein smak av sommar
Frå onsdag kan det vera at fleire enn Måne blir freistra til å stupa uti. Men alt frå i morgon stig temperaturen godt, og det blir rett og slett sommarleg mykje av veka med over 20 grader nokre dagar.
Border collien Måne tjuvstarta rett nok ein solskinsdag sist veke då eigar Anne Grethe Rossehaug tok dette blinkskotet. Då var det heilt andre temperaturar enn det som kjem dagane framover.
Opp mot 21-22 grader
Meldingane tilseier litt roleg oppstart med 16 grader og sol til delvis skya tysdag. Onsdag kan det bli litt regn natt eller tidleg morgon. Mest skyer om dagen, men kva gjer vel det når det når temperaturen er venta å nå 21 grader.
Sol skal det bli rikeleg av frå torsdag, og herleg varmt med 21-22 grader eit par dagar. Samstundes blir me minna på at det ikkje er heilt sommar enno. Med finvêret og klar himmel kveld og natt, fell temperaturen ned mot og litt under 10 grader.
Litt kjølegare til helga
Laurdag er det meldt sol og 18 grader. Me kan jo håpa at det er så langt fram at det endrar seg og blir litt varmare. Søndag skal starta med sol, før det utpå ettermiddagen skyar til. I skrivande stund er det meldt 16 grader.
Måndag ser det ut til å bli meir vanleg vårtemperatur igjen med 14 grader, så det gjeld å nyta dei flotte dagane som er i vente.
Send oss «sommarbilder»
Kan henda finvêret lokkar tobeinte til bading også. Send oss gjerne badebilder og bilde frå andre sommarlege aktivitetar.
Som vanleg er adressa tips@vestavind-sveio.no. Hugs navn på fotografen og gjerne kvar bildet er tatt og kven som er med på det.