nyhende
– No blei eg glad
Jens Aksdal er ein av to privatpraktiserande legar i Sveio. Sjølv har han arbeidsstad på legekontoret i Førde. På Facebook har han gått ut mot forslaget frå rådmannen, mellom anna har han tatt tak i argumentet om at fagmiljøet vil bli betre om fleire er samla på same plass.
Aksdal har fått støtte frå kollega Trond Wirkola, som har praksis i Albatross senter. Vestavind skulle eigentleg innom for å få fram legen sine synspunkt i saka, men då hadde saka alt tatt ei anna vending.
– No blei eg glad, utbryt Aksdal, då Vestavind presenterer den til då til då upubliserte nyheita om at politikarane vil gå inn for å behalda legekontoret.
Håpar ballen blir lagt død
– Eg synest det var eit dårleg forslag. Det har ikkje vore eit ønskje frå nokon av legane, heller ikkje pasientane, seier Aksdal, som har fått reaksjonar dei siste dagane.
Han påpeiker at dei her i Førde arealmessig har god plass, også i forhold til smittevern. At det kom eit forslag om flytting kom ikkje overraskande på legen, som no håpar at denne ballen blir lagt død.