nyhende
Nissestrekar i kunsten
Vi har danna oss eit inntrykk av korleis nissen ser ut gjennom forteljingar i ord og bilete. I eventyr og overtru er han ein sentral figur, men også i kunsten har den vesle fjøstassen fått utfalde seg med nissetrekane sine.
NTB-NPK: Nissen har gjennom folkeleg tradisjon blitt ein viktig del av julefeiringa vår. Han er i dag attkjennande i raud drakt og kvitt skjegg og kjem med gåver på julaftan.
Det var truleg nordiske kunstnarar som først drog fjøsnissen inn jula på 1830-talet, og det første norske julenissekortet vart teikna i 1883.
Dei første nisseillustrasjonane våre byggjer på folkeeventyra og norsk overtru og viser gjerne ein liten gråkledd kall. Han overvakar garden og kan vere både hissig, bråkete og vondskapsfull, men også humoristisk og finne på rampestrekar – eller nissestrekar om du vil.
Vi har kikka i magasina til Nasjonalmuseet og Nasjonalbiblioteket for å sjå korleis nissen vart framstilt visuelt i byrjinga.
Nissen levde i folketrua
– I den skandinaviske folketrua er nissen ein liten skapning som bur i uthus, eller ute i naturen, og ingen opphøgd figur, fortel seniorkurator ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Ellen Lerberg.
– I Noreg blir han skildra som ein liten tass, om lag ein halv meter høg. Han er stort sett kledd i grå ullklede, og med raud topphue. Som oftast har han grått skjegg, men nokre gonger har han vêrhår som ein katt, og fingrar med skarpe klør. Nissen har temperament, og det skal ikkje så mykje til før han blir grådig sint. Då er det best å ikkje vere i nærleiken! forklarer ho.
Førestillinga om nissen har vore levande over heile landet. Folk dyrka han lokalt, og ein trudde nissen passa på garden, avlinga og dyra.
Visualiserte folkeeventyra
Då Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe samla inn norske folkeeventyr og segner var fleire av forteljingane knytt til nissen. Og då eventyrsamlarane byrja å gi ut det dei hadde samla i bokform, og norske kunstnarar tok til å illustrere desse forteljingane frå 1870-åra, dukka nissen fram og vart ikkje lenger berre ein litterær skapnad.
For å gjere nissen truverdig la kunstnarane gjerne inn attkjennande element frå miljøet rundt nissen i motiva sine. Nordmenn følte at framstillinga til kunstnarane stemte godt med den folkelege førestillingsverda.
– Den eldste illustrasjonen vi har i samlinga vår av ein nisse, er det Hans Gude som har teikna i 1878 eller 1879. Den er teikna til eit folkeeventyr. Fleire av dei tidlege norske nissebileta viser ein litt ugrei nisse som finn på nissestrekar. Humoren i eventyra og folketrua appellerte til kunstnarane, fortel Lerberg.
Fjøsnissen byrja feire jul
Den opphavlege nissen hadde ikkje noko med jula å gjere.
Ifølgje Store norske leksikon blei dei første bileta av fjøsnissen knytt til jul truleg måla i ein nordisk kunstnarkoloni i Roma på 1830-talet, der dei danske målarane Constantin Hansen og Johan Thomas Lundbye var dei første store nisseteiknarane.
Lundbye blir i Danmark rekna som ein pioner innan julenisseportrett. Eit portrett frå 1845 er visstnok det eldste biletet av ein julenisse som er teke vare på i Danmark. Det førestiller ein nisse som et graut, medan familien er i ferd med å pynte juletreet, fortel nettstaden videnskab.dk.
Mot slutten av 1800-talet og utover på 1900-talet blei nissen meir og meir eit julefenomen. Då vart det tradisjon med julekort og julehefte, og på juleteikningane var nissen med.
Harmlaus og artig på kort
Det første kjende trykte julekortet produsert i Noreg er frå 1883, då Wilhelm Larsen fekk trykt ei nissehelsing. Motivet hans var ein liten gråkledd mann med raud topphue som kastar snøballar på eit gjerde der dei blir forma til helsinga «Glædelig Jul».
I åra etter kom det mange illustrasjonar av nissar på norske julekort, blant anna teikna av kunstnarar som Nils Bergslien, Erik Werenskiold og Theodor Kittelsen og mange fleire.
Dei norske nisseteikningane er tru mot det biletet som blei skapt av nissen etter innsamlinga av folkeminna, men han blir gjort meir harmlaus på julekorta enn i dei gamle segnene.
Julekortprodusentane ville ha snille og artige og ikkje slemme og skremmande nissekort.
Nissen blei ikkje lenger framstilt som ein vette frå den folkelege førestillingsverda. Teikningane bar preg av at nissen blei sett inn i den norske julefeiringa slik vi kjenner ho. Han vart tilpassa samfunnet og plassert inn i meir menneskelege rammer.
Blanding av gardsnisse og helgen
Då julenissen dukka opp, hadde han eit anna opphav enn nissen i folketrua. Bakgrunnen var den amerikanske Santa Claus og den nederlandske Sinterklaas – variantar av den romersk-katolske helgenen Sankt Nikolaus, som kom med gåver til barna. Så på slutten av 1800-talet vart gardsnissen framstilt både som hjelparen til julenissen, og til og med som sjølvaste gåvenissen.
– Mot slutten av 1800-talet kom påverknaden frå det store utland for alvor inn i den norske nissetradisjonen og han blir meir og meir lik det eg i dag vil kalla «Cola-nissen», fortel seniorkurator Lerberg ved Nasjonalmuseet.
– Den heilage Nikolaus av Myra i Tyrkia som på 300-talet gåvmildt delte ut gåver til fattige, var opphavet til tradisjonen med å gi barn gåver. Den nissen som i dag kjem til oss i jula, er ei blanding av den til tider ugreie fjøsnissen og helgenen Nikolaus. Julenissen vår er eit godt døme på korleis trekk frå ulike kulturar smeltar saman og blir tilpassa i takt med at samfunnet endrar seg med tida, seier ho.
Nostalgien lever
I nyare tid er det mest godlyndte nissar vi møter i illustrasjonar i julehøgtida, sjølv om også dei kan finne på nissestrekar. Og framleis finst det kunstnarar som held fast på nostalgien med den vesle gamle, norske fjøsnissen i motiva sine. Julenissen slik vi kjenner han i reklame, filmar og illustrasjonar finst i mange versjonar – og det er plass til dei alle.
Kjelder: Store norske leksikon og boka «Nisser» av Kjell E. Midthun