nyhende

Nils Severin Økland er død

Nils Severin Økland døydde tysdag kveld 7. november. 16. februar neste år ville han fylt 109 år. Han var dermed ein av landets aller eldste. Me kjenner berre til ein mann som er eldre, Vidar Eide i Kvam. Han fylte 109 år 2. juli i år.

Publisert Sist oppdatert

Nils Severin Økland blei fødd 16. februar 1915 og vaks opp på Eikeland i Auklandshamn som nummer tre i ein søskenflokk på seks. Foreldra var Nora Marie, fødd Valen, og Gregorius Økland. Han blei tidleg kjent med hardt arbeid, både på småbruket og i fiskebåten. Han valde også sjøen som arbeidsplass i vaksen alder.

Hausten 1941 rømte Nils Severin, broren Gregorius og søskenbarnet Theodor landet og drog til Shetland med faren si motorskøyte «Silden». Skøyta var gammal og skrøpeleg på denne tida. Turen over Nordsjøen blei av den grunn dramatisk. Vel framme på Shetland melde dei seg til teneste i handelsflåten.

Fekk ei rekke utmerkingar

Nils Severin blei skyttar og tenestegjorde på ei rekke skip. Han overlevde torpedering i Nord-Atlanteren og var med å å frakta krigsmateriell til Europa i samband invasjonen i Normandie i 1944. For innsatsen under andre verdskrigen blei han tildelt ei rekke utmerkingar. Den aller siste fekk han som 107-åring då han blei utnemnt til riddar av den franske Æreslegionen.

Før det fekk han også mellom anna Krigsmedaljen, deltakarmedaljen 9. april 1940 – 8. mai 1945, Haakon VIIs 70-årsmeldalje, Regjeringa si minnemedalje, Convoy Cup Foundation og Camp Norway Foundation-medaljane. Som ein av dei siste gjenlevande krigsseglarane deltok han på mange markeringar. Ein av dei siste var dåpen av D/S «Hestmanden» i 2011, då han også fekk helsa på kong Harald.

Gav ut bok som 105-åring

Etter krigen utdanna Nils Severin seg til navigatør og tenestegjorde som styrmann og kaptein på ei rekke skip i utanriksfart heilt fram til 1968. Midt på 1950-talet blei han gift og busette seg i Bergen. Han og kona fekk to barn, Bjørg Elin og Magne, som lever etter han med sine etterkomarar. Dei ti siste åra av livet sitt var Nils Severin enkemann. Han budde heime i einebustaden sin og stelte både hus og hage fram til 2021, då han laut flytta på sjukeheim.

Nils Severin Økland har fortalt om livet sitt i boka «Aldri gi opp». Etter å ha arbeidd med manuset i mange år, blei boka fullført saman med dottera Bjørg Elin Økland i 2020. Utgjevar av boka var Sveio Kystlag. Boka har vekt stor interesse og er trykt i fleire opplag.  Nils Severin fortel her levande om både barndom og oppvekst, krigen og livet som både sjømann og familiemann i etterkrigstida.

Powered by Labrador CMS