nyhende
Nils (107) frå Sveio blir utnemnd til riddar av fransk æresorden
Nils Severin Økland (107) frå Sveio blir fredag utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen for sin innsats under andre verdskrig.
Det er ein stor heider den utflytta sveibuen Nils Severin Økland blir tildelt i Bergen fredag.
Æreslegionen er i følgje ei pressmelding frå Frankrike sin ambassade i Oslo den fremste franske nasjonale ordenen som heidrar både franske og utanlandske statsborgarar.
Oppretta av Napoleon
Ordenen «L´Ordre National de la Légion d´Honneur» vart oppretta av Napoleon Bonaparte i 1820, og heidrar personar som har utmerka seg særleg innan offentleg, militær eller privat verksemd. Utlendingar kan bli tildelt denne fortenestemedaljen i spesielle tilfelle om personen har utmerka seg for utførte tenester for Frankrike eller fremja franske interesser.
Ifølgje den franske ambassaden blir Nils Severin Økland utnemnd til riddar av Æreslegionen grunna sine tenester i samband med frigjeringa av Frankrike under landgangen i Provence i 1944. Økland tenestegjorde 40 månadar til sjøs og bidrog dermed til dei allierte sin siger over Adolf Hitler sitt regime.
Flykta til Shetland
I 1941, mens Noreg var under tysk okkupasjon, bestemte Økland seg for å flykte med sin fetter til Shetlandsøyene. Då han kom dit vart han ein del av Sjøforsvaret sin skyttaravdeling for handelsflåten. Han tenestegjorde som skyttar til slutten av krigen, og var med på å sikre forsyningar av mat, krigsutstyr og olje i Nord-Atlanteren og i Middelhavet.
Frå 1944 tenestegjorde Økland mellom anna om bord på «Roald Amundsen», som var eitt av fire norske skip som deltok i frigjeringa av Sør-Frankrike. Økland i landgangen i Provence, frå Cannes til Toulon, som starta 15. august 1944.
Nortraship-selskapet si viktige rolle under andre verdskrig er blitt løfta fram ved ein rekke høve, mellom anna av den britiske politikaren Philip Noel-Baker etter krigen. Han uttalte at utan den norske handelsflåten ville Storbritannia og deira sine allierte ha tapt krigen.
I godt selskap
Om lag 90.000 personar er utnemnd til riddarar av Æreslegionen frå 1802 og fram til no. Dei fleste er franske, og to tredelar er militære. Og Økland kjem i godt selskap. Mellom andre nordmenn som har fått utmerkinga er kunstnaren Adolph Tidemand, og polfararen Fridtjof Nansen og kokken Eyvind Hellstrøm.
Andre kjente æreslegionærar er Clint Eastwood, Josephine Baker, Gerard Depardieu, Duke Ellington, Ingmar Bergman, Walt Disney, Tony Parker og Yves Saint Laurent.