nyhende

Slik feirar Bjørn Storebø påsken.

– Nidar sine marsipanstenger med strø heilt klart favoritten

Påsken er snart over, og for mange blir dagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påsken deira ser ut.

Publisert

– Feirar du påske?

Dagens påskeenquete

Namn: Bjørn Storebø

Alder: 62 år

Bustad: Sveio sentrum

– Ja, me feirar påske. Eg er oppvaksen i eit kristent heim, så det ligg religiøse grunnar bak. Det er også fint å gå i kyrkja på første påskedag, sjølv om eg ikkje gjer det kvart år.

– Kva skal du i påsken?

– Eg skal feira påsken heime, men viss det blir fint vêr tek me gjerne turen til hytta i Eltravåg for å gjera klart der og ordna båten. Me får også familiebesøk.

– Har du nokre påskefavorittar?

– Ja, eg har fleire påskefavorittar. Når det gjeld sjokolade, er Nidar sine marsipanstenger med strø heilt klart favoritten. Elles set eg også stor pris på ein god lammemiddag i påska.

– Kva er ditt beste påskeminne?

– Det må vera då me var i Roma i påsken for to år sidan. Det var heilt spesielt å oppleva Petersplassen og alt anna som finnes der.

Powered by Labrador CMS