nyhende

Ni tonn med plen på plass

Torsdag morgon klokka 07.00 gjekk tre karar frå A&B Andreassen i gang med å bera og legga ut plen på parkområdet rundt den nye trafostasjonen i Sveio sentrum.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 14.30 var dei ferdige. Då hadde dei lagt ut 450 kvadratmeter med plen. Omgjort til vekt utgjer det ni tonn.

– Ein ser godt at plenen er lagt i bitar no i starten, men om eit par veker har den vakse seg saman, fortel Jan-Åge Hauge.

Måtte venta på delar

Den opprinnelege planen var at parkområdet skulle vera ferdig til 17. mai, men forseinka delar gjorde at Fagne måtte venta med siste del av monteringa i trafoen.

Maskinførar Atle Krakk Døvik måtte også pikka stein på toppen av haugen framfor kommunehuset før området kunne klargjerast for ferdigplenen.

– Me fekk ikkje lov til å sprenga på grunn av leidningane. Då blei det nokre dagar med banking, seier han.

Krakk Døvig gjorde også siste finpuss av området med nennsam grabb. Sjå videoen under.

Har blitt ope og innbydande

Det er fjerna ein del tre og det, saman med bearbeiding av fjellhaugen, har gjort parkområdet meir ope og innbydande.

– Var det planlagt at arbeidet skulle gjerast i fint vêr?

– Det var bestilt på førehand, ja, seier Leiv Vidar Rønning, og dei tre karane ler godt.

Dei jobbar uansett vêr, men innrømmer at dei er glade for at dei fekk plenen ferdig før alt regnet som er meldt mot slutten av veka.

– At det kjem regn rett etter plenen er lagt passar godt. Det vil hjelpa den til å setta seg raskt, seier Hauge.

Powered by Labrador CMS