nyhende
Ni sveibuar stiller til fylkesting
Til hausten skal det veljast 65 representantar til Vestland fylkesting. Frå Sveio er det ni som stiller frå sju parti, men sjansen for å sjå ein sveibu på tinget er låg
Sveio ligg ikkje så godt an for å ha ein frå heimbygda på fylkestinget. Sjølv om ni sveibuar stiller til val frå sju parti, verkar det ikkje som sjansen er stor.
Dei sju partia er KrF, FrP, MDG, Høgre, Ap, Venstre og Liberalistane.
Låg sjanse
Det er sistnemde parti som har ein sveibu høgast på lista si. Jon Bernhard Tollaksen Mølstre er nummer 11 for Liberalistane. Frå før har dei ikkje nokon valde inn hos fylkestinget.
Deretter ligg noverande varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen på 16. plass for FrP. For tida har dei 6 representantar på Vestland fylkesting.
Det største partiet i denne perioden er Ap med sine14 representantar. Skal Sveio sin representant for Ap veljast inn må dei auka til 56 representantar etter valet. Då kjem Line Remøy Bertelsen inn.
Partia KrF og Venstre har begge to sveibuar kvar. Jarle Jacobsen og Anne Vierdal for KrF, medan Bernhard Endeseth Nerland og Ruth Vihovde Strand for Venstre.
Ellen Urheim Tveit er på MDG sin 30. plass og Lars Einar Hollund på 34. plass for Høgre.
Mangla underskrifter
Til saman skal det veljast inn 65 representantar til fylkestinget. Det er18 godkjende lister til valet. Blant dei finn ein 855 kandidatar.
Industri- og næringspartiet er blant dei fire nye partia som stiller til val. Partiet stiller også for første gong til kommuneval til hausten i Sveio, noko også Liberalistane gjer.
Fire parti vart ikkje godkjende grunna at dei fekk for få underskrifter. Desse var Alliansen – Alternativ for Noreg, Generasjonspartiet, Innovasjon- og teknologilista og Kystpartiet.