nyhende
Ni millionar kroner for mykje i overtid
I 2022 betalte Sveio kommune uventa mykje overtid, til saman ni millionar kroner. Om lag 4,8 av desse veit ikkje administrasjonen kva einingar det har gått til. — For tidleg å seia, seier rådmann Jostein Førre.
— Det er ikkje slik at det berre er inntekta som aukar, kostnadane aukar også, sa Jostein Førre i kommunestyret sist måndag.
Rådmannen i Sveio kommune var på sitt første kommunestyre sidan han gjekk ut i foreldrepermisjon. Han hadde ei økonomisk orientering om korleis 2022 gjekk. Der kom han både med gode og dårlege nyheiter.
— Me har 19 millionar i driftsresultat. Tala er litt annleis enn det som vart varsla gjennom heile fjoråret, sa Førre.
Auke i inntekter og utgifter
Det skuldast at Sveio fekk utbetalt mykje meir enn venta, både frå Havbruksfondet og utbytte frå Haugaland Kraft.
Kommunen hadde rekna med 6 millionar frå Havbruksfondet, men fekk 14, og budsjettert med 13 frå Haugaland Kraft og fekk 19 millionar kroner.
Samstundes vart Sveio tildelt 6,2 millionar kroner i koronakompensasjon frå staten, der dei berre hadde forventa 3,4 millionar kroner. Kompensasjonen var for utgiftene kommunen har hatt knytt til handtering av pandemien.
Dessverre var det ikkje berre positive overraskingar.
Overtidsauke
— Overtid var mellom anna ni millionar meir enn budsjettert. Litt over 4 millionar (4,3) av det skuldast koronaavtalen for å sikra at ein hadde nok folk på arbeid når koronaen sto på forrige halvår og i vinter, sa Førre.
Det betyr at om lag 4,8 millionar kroner har vorte utbetalt i overtid. Kommunen veit ikkje nøyaktig kvifor det har vore så stor auke, eller kven som har jobba så mykje overtid.
— Det er for tidleg å seia, sa Førre til Vestavind under ein pause.
— Så dykk veit ikkje kva einingar det gjeld?
— Nei, ikkje enno, men det veit me i juni. Det er då oversikta vert klar, sa Førre.
Rådmannen fortalde at det er vanleg med noko forsinka oversikt, og at det er først rundt juni rekneskapen vert fullstendig klar. Samstundes understreka han at kommunen har gått i pluss, noko som er positivt.
Dyr straum og legemangel
Vidare orienterte rådmannen om seks millionar høgare straumutgifter enn budsjettert. Samstundes har Sveio hatt ein pågåande mangel på legar, der kommunen har måtta leiga inn vikarar.
— Det har kosta oss 2,2 millionar kroner i innleige av legar. Så å leiga inn personale i staden for å ha eigne, det er dyrt, sa Førre til kommunestyret.