nyhende

Sveio IL fekk, ikkje uventa, mest pengar frå Grasrotandelen i 2025. Bildet er frå ei tidlegare utgåve av Kiwi Cup.

Nesten ein million til Sveio

I 2025 blei det utbetalt 879 millionar grasrotkroner til ulike lag og foreiningar rundt om i landet. I underkant av éin million kroner enda opp i Sveio, og mest av alt gjekk til idretten.

Publisert Sist oppdatert

I Sveio er 71 mottakarar førte opp på lista, med til saman 1.485 støttespelarar. Samla utbetaling til mottakarane i oversikta er 937.568,73 kroner.

På toppen finn vi Sveio IL som enda med ei utbetaling på rett over 200.000 kroner fordelt på 279 støttespelarar. 

På plassane bak følgjer Haugaland Golfklubb med 99.000 kroner (120 støttespelarar) og Diabetesforbundet Rogaland med 97.000 kroner (110 støttespelarar). Det vil seia at dei tre største mottakarane fekk til saman rundt 42 prosent av totalsummen.

Idretten får mest

I Norsk Tipping si oversikt blir laga og foreiningane fordelte i ulike kategoriar, og i Sveio som i landet elles er det idretten som stikk av med mest pengar. Fordelte på dei 13 ulike mottakarane under kategorien idrett enda summen på 391.000 kroner. 

Deretter følgjer:

  • Lokalsamfunnsutvikling: 144.000 kr
  • Rekreasjon og sosiale foreiningar: 130.000 kr
  • Interesseorganisasjonar: 103.000 kr
  • Kunst og kultur: 63.000 kr

Samtidig viser lista at ikkje alle stikk av med dei store beløpa. Heile 11 mottakarar fekk under 1.000 kroner, medan 23 mottakarar fekk 10.000 kroner eller meir.

Nedst på lista finn vi Fagerland Vest velforeining, som enda opp med 25 kroner.

Slik fungerer grasrotandelen

Grasrotandelen er ei ordning der du som spelar hos Norsk Tipping kan velja eit lag eller ei foreining du vil støtta. Då blir 7 prosent av innsatsen din overført til mottakaren du har valt, uansett om du vinn eller tapar.

Powered by Labrador CMS