nyhende
Neste veke er gåveynske-treet på plass
Neste veke heng bymisjonen opp hjarter med gåveynske på eit juletre i Sveio. Då kan hjelpande plukke eit hjarte og sørge for at born får ynsket sitt oppfylt.
Den årlege juleaksjonen frå Kyrkjas Bymisjon har byrja og fristen for å kome med gåveynske er innan søndag den 13. november.
— Juleaksjonen heiter «ein heilt vanleg jul», seier Guro Røher Eriksen.
Ho er tilsett i Kyrkjas Bymisjon og leiar for Frivilligsentralen i Sveio. Eriksen har mykje erfaring frå tidlegare år og seier det er enkelt å både søkje og hjelpe.
— Ein kan søkje anonymt hos NAV eller barneverntenesta, eller direkte til oss. Eit skjema fyllast ut med kontaktinformasjon, antal barn og kva dei ynske, fortel ho.
Ynske på hjarte
Kvar familie kan søkje om tre gåver til kvart barn, og gåva kan ikkje koste meir enn 500 kroner.
— Dei kan og søkje om familieaktivitetar eller opplevingar, seier Eriksen.
Når fristen har går ut den 13. november samlar dei alle ynska og skriv dei på hjarte.
— Då står det til dømes «jente på ni år som ynskjer gåvekort på klede», seier ho.
Eriksen og dei andre i Kirkens bymisjon heng opp alle hjarta med ynske på juletre tre stader i nærleiken. Amfi Åkra, Oasen Storsenter og Sveio senter.
— Er hjarta som heng i Sveio frå barn her i frå?
— Ja, me prøver å henge mest mogeleg her, så det skal vere enkelt for dei som bur her å hjelpe. Men me henger også noko andre stader, der det er fleire butikkar, seier Eriksen.
Håpar det er nok
Hjarta vert hengt opp onsdag den 16. november, og då kan dei som vil oppfylle ynske til barna.
— Då kan folk gå å plukke hjarte og kjøpe det som står. Så bringer dei gåva til leveringsstaden saman med hjartet, seier Eriksen.
Der vert gåvene samla, og når ynska er oppfylt vert dei levert ut til familiane.
— Det er ikkje alle gåver som vert kjøpt, så då håpar me at me har nok pengar til å oppfylle dei ynska, seier ho.
Kyrkjas bymisjon mottek midlar frå ein privat stiftelse til juleaksjonen. Viss nokre påmeldte ikkje har fått gåver, forsøker dei sjølv å ordne gåvene, men det avheng av økonomien deira.